Kvinnhersbunaden – ei nøktern festdrakt

Av
Publisert

DET GODE LIVET I KVINNHERADKvinnhersbunaden er eit arbeidsantrekk som litt etter litt vart festplagg.

Når ein tenker på kva som er typisk Kvinnherad, tenker ein sjeldan på antrekk. Men dersom ein tenker i dei banar, dukkar iallfall både Aleksander Sahr og kvinnhersbunaden opp. Me tek ein nærare kikk på sistnemnde.

Bunadsstunt

Få dagar etter eit redaksjonsmøte fyllest baronihagen med festkledde menneske. Joda, det hadde vore plass til fleire, men på så kort varsel, varmar det betre enn kakao på ein dag der gradestokken berre nett så vidt bikkar plussida. Kvinner, born og ein mann – nokre har til og med reist over kommunegrensa for å vera med.

Hanen i flokken er Lars Børge Sæberg. Det er kona hans Ingvill som har sydd drakta hans.

– Er den ikkje flott?! utbryt han, og viser stolt fram bunadskniv, hatt og drakt.

Mange timars arbeid ligg bak, og han kan med rette vera stolt. Sæberg stiller seg opp i sin flottaste positur, med sjølve Malmangernuten som bakteppe. Nasjonalromantikken blomstrar i den vakre landskapshagen, sjølv om kalendermånaden strittar grått i mot, og greinene på trea rundt oss er nakne.

Lars Børge har sin eigen teori om kvifor kvinnhersbunaden er så enkel som den er. Lite prangande, dersom ein samanliknar med andre folkedrakter. Ein treng ikkje reisa langt for å finna drakter med fleire smykke, perler og prangande dekor, enn det ein finn på denne.

– Dette var jo kvardagskleda i Kvinnherad, ein gjekk jo slik når ein arbeidde på garden. Og så hadde me jo denne baronen her, og han ville ha skatt. For å sleppa å betala så mykje, måtte ein kle seg nøkternt. Det skulle ikkje sjå ut som me var rike, spekulerer han blidt.

Praten mellom dei festkledde går entusiastisk.

– Kan eg ta eit bilete av brystet ditt?

– For nokre lekre sjal!

– Forklea våre har far min vove.

Ikkje berre er det ei drakt for kvinnheringane, det er også mange kvinnheringar som har sydd, vove og sett preg på tradisjonen. Variasjonane ligg i detaljane, mellom anna i mønsteret på kvaringane (banda på livet), og det vert understreka at ein ikkje bryr seg med å leika bunadspoliti i denne kommunen. Ein ser også skilnadar i både forkle og kvaringar mellom generasjonane, noko som viser at tradisjonen framleis er høgst i live, og i endring. Innafor nokre romslege, men nødvendige rammer, sjølvsagt.

Dei oppmøtte stiller lydig opp til fotografering, og på eit lite blunk er heile seansen over. Dei skriv seg i manntalet og spring i bilane for å få varmen i kroppen igjen. Det norske flagget og gardintrappa vert samla saman, og ein sit att med kjensla av at dette er eit stunt ein seint vil gløyma.

Prakt- og nyttebok

Bygdekvinnelaget er flinke å halda dei lokale tradisjonane i live. No vert det arbeidd med ei bok om nettopp kvinnhersbunaden.

– Kanskje me får den ferdig til jul, men det viktigaste er at me får laga ei god bok, slår Kari Fedt Haugsbakk og Åslaug Snilstveit fast.

Dei har hovudansvaret for å samla inn og sy saman stoffet. Dei kjenner seg mest som studentar, der dei grev seg ned i historia og detaljane rundt drakta vår. Boka vert til med frivillig arbeid, men eldsjelene bak oppgåva tykkjer det er både spanande og viktig å jobba med.

– Kvinnhersbunaden er jo eit kulturminne, ein arv som me ønskjer skal leva vidare. For at handarbeidet skal leva vidare, må ein inspirera og gjera informasjonen om det tilgjengeleg. Boka vil bli godt illustrert, ein vil òg koma inn på kulturen og lokalhistoria rundt bunaden. Målet er å laga ei kombinert prakt- og nyttebok, fortel Snilstveit.

Stilrein

Kvinnhersbunaden er enkel og stilrein. Vinterbunaden har svart trøye og stakk, med vovne eller broderte kvaringar (band). Forkleet kan vera vove eller brodert, og det er i val av forkle og kvaringar ein kan setja personlege preg på bunaden. I materialet som er samla inn er det eit rikt utval av fargekombinasjonar og mønster. Fargane som går att i dei gamle kvaringane og brystdukane er lilla, raudt, blått og stundom litt grønt. Spesielt er lilla særmerkt for kvinnhersbunaden, både i kvaringar og forklemønster.

Drakta vart frå gammalt av laga av klede og vadmål. Men til stas har det òg blitt brukt fint kjøpetøy. Når mannen hadde vore på reis, kom han gjerne heim med slik «byblom» til kona. Dette ser ein på mange av dei gamle liva som er tekne vare på, mellom anna i både brokade og silke. Det er desse stasplagga som gjerne har gått i arv i generasjonar, medan kvardagskleda av vadmål og klede vart brukte til dei var utslitne. Det har tidlegare vore brukt både raudt og grønt liv til sommarbunaden, no er raudt det mest brukte.

Menn og gutar

Medan bruk av kvinnebunaden har ein ubroten tradisjon i Kvinnherad, gjekk mannsdrakta tidleg heilt ut av bruk. På 1980-talet var det veldig populært med bunadskurs i kommunen, då vart det halde kurs i saum av mannsbunad til Kvinnherad.

Gutebunaden i Kvinnherad er det visstnok ikkje så mange som har, men også i den finn ein variasjonar.

– Ein kan sjå både raud og blå vest til gutebunaden. Raudt er festfargen, og den tekstilen var frå gammalt av også dyrare enn den blå, fortel dei.

Elles er kvinnhersbunaden ganske rimeleg i forhold til mange andre. Det høyrer til dømes ikkje med mykje bunadssølv, som ofte dreg opp sluttsummen på ei komplett drakt.

– Då kan ein heller gjerne kosta på seg  handvovne band, slik at ein får fram særpreg i drakta. Det er også mogleg å spretta av gamle band, og gjenbruka dei, tipsar Snilstveit.

Det var først på slutten av 70-talet det vart vanleg at jentene begynte å bruka bunad til konfirmasjonen her i Kvinnherad. Denne skikken har aldri festa seg hos gutane, men det er blitt ei aukande interesse for mannsbunaden dei siste ti-åra.

Ber om innspel

Tanken om å laga denne boka kom for halvtanna år sidan, då dei byrja tenka tanken høgt. På dette tidspunktet har dei samla både personlege historier, bilete og kunnskap, men dei trur framleis det kan vera meir informasjon rundt om i bygdene som kunne vore spanande å ha med.

– Dersom nokon sit på kunnskap som kan vera av interesse, er me veldig takksame om dei tar kontakt med oss.

Både tradisjonar og gamle klenodium i familien, personlege historier og gamle bilete er me interesserte i, oppmodar Haugsbakk.

Full produksjon på kurs

Mange bunader er sydde på kurs hos Bygdekvinnelaget.

Det er tysdag kveld, og fleire damer står allereie klare med symaskiner og korger med tekstilar, sakser, nål og tråd. Det er klart for kveldens tre timar lange bunadskurs på Rosendal ungdomsskule.

Kjersti Bondhus er rettleiar for ein gjeng på sju–åtte kvinner som syr damebunad. Både kvinnhersdrakta og hardangerbunaden er representerte på kurset, som er skipa til i regi av bygdekvinnelaget.

Ein av deltakarane er Kjersti Hjelmeland, som skil seg ut frå mange av dei andre i alder. Ho er 27 år, og dreg dermed ned gjennomsnittsalderen i gruppa.

– Eg har vel ikkje sydd noko sidan eg tok symaskinknappen i femte klasse, så Kjersti lurte jo på kva eg tenkte med då eg melde meg på, fortel ho.

Men med interesse for tradisjonar, gjekk ho målretta i gang med å laga ein liten bunad til dottera si, og er godt i gang med ei sommardrakt til seg sjølv. Bunaden tykkjer ho er god å ha. Ein veit alltid kva ein skal ha på seg i både bryllaup og andre selskap, og sommarbunaden gler ho seg til å ta i bruk.

– Eg er veldig glad i å dansa, men i vinterdrakta vert ein fort varm. Det blir noko anna med denne, held ho fram.

Hjelmeland fortel vidare om korleis ein er ekstra engasjert like etter ein har vore på kurs, og at vinteren er den beste tida.

– Eg bur jo på gard, og om sommaren er det mykje å gjera, og ein vil jo helst berre vera ute så lenge det er lyst, legg ho til.

Denne kvelden skal ho byrja på forkleet, og ho har nokre band å sy fast. Ideen med å starta i det små, med ein barnebunad, tykkjer ho var ein god måte å læra på, utan at motet vart svekt undervegs.

Kursa vert lagde opp med start på hausten og avslutning på vårparten. Kursleiaren er også å nå på telefon i stunder der nåla er tredd, og ein vert lamma av tvil og sveitten byrjar å pipla – noko fleire har nytta seg av, ifølgje Bondhus sjølv.

Bygdekvinnelaget har arrangert kurs mange gonger, og så lenge det er ei interesse for å delta, samt ein rettleiar tilgjengeleg, legg dei opp til å halda kurs framover også. Det er også kurs i å sy herrebunaden, samt i å veva band og forkle.

Artikkeltags