Ber kommunen vurdera pilotprosjekt frå Randaberg

(Arkivfoto).

(Arkivfoto).

DEL

I ein interpellasjon til kommunestyretmøtet denne veka, lanserer Hilde Enstad (Ap) eit forslag til korleis ein kan hjelpa unge og småbarnsfamiliar å komma seg inn på bustadmarknaden i Kvinnherad.

Utgangspunktet er inspirasjon frå eit pilotprosjekt i Randaberg. Enstad ønskjer at Kvinnherad kommune skal bruka eige-leige modellen i bustadpakken i Rosendal. Modellen går ut på å la unge utan eigenkapital kjøpa eige hus i løpet av tre til seks år. I mellomtida leiger dei det same husværet til ein gunstig pris og opparbeider seg eigenkapital til å få lån. Ein del av månadsleiga går i tillegg til å betala ned felles gjeld i burettslaget.

Ved å ta i bruk denne modellen kan førstegongsetablerarar få hand om rimelege husvære i bygda, meiner Enstad.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags