Her auka folketalet med mange prosent då familien Langeland Bakke etablerte seg

Av
Publisert

DET GODE LIVET I KVINNHERADI Gjetingsdalen auka folketalet med mange prosent då familien Langeland Bakke etablerte seg der i 2011.

– Me har høyrt om noko dei kallar Stripo. Og på Husnes har eg vel vore to gonger, smiler Anton Langeland lurt.

Eg fortel at det finst eit senter på Husnes, eit handlesenter. Han ler.

Det er søndag, og Kvinnheringen sin utsending har krasja søndagsturen til familien. Sola steiker kanskje ikkje heilt enno, men ho stråler iallfall av full styrke. Kjenner ein godt etter, varmar ho litt. Vegen har eg hatt for meg sjølv, like til skiltet som syner at dette er ein «dead end». Forbi skiltet også, forresten. Når ein køyrer oppover grusvegen i Gjetingsdalen, kjem ein til vegs ende. Ein kjem også til enden av kommunen. Og for ein vakker ende!

– Vil du vera med oss på tur, spør minstemann med dei mest rullande r-ane ein kan tenkja seg. Noko faren, som kjem frå Sunnfjord, tykkjer er ekstra stas.

Karna og Anton har tre gutar, og dei bur på toppen av Gjetingsdalen i eit hus som er kledd med vindauge ut mot naturen.

Karna, minstemann Olvar August (3) og eg dannar fortroppen på denne søndagsturen. Olvar August går sjølv det første stykket, og sjølv om nokre av fotspora han går i rekk han til knea, fattar han mot med grøne solbrillene på snei.

– Skal du halda handa, spør mor.

Treåringen strekkjer ei hand ut mot mor, og den andre mot meg. Søndagsturen er i gang.

Skogens ro

Utgangspunktet for turen er frå heimen deira, som ligg 250 meter over havet. Destinasjonen er Legeheio, omtrent på same høgd, men med eit om mogleg meir fenomenalt utsyn. Me vandrar hand i hand gjennom den kompakte snøen, medan Olvar August observerer og fortel om både blåbærlyng, kongler, snøen, trea og spennande greiner han ser på vegen. Dei einaste fotspora i snøen er frå familien og frå ein eller fleire harar. Når me stoppar for å sjekka om baktroppen tek innpå, høyrer me berre vår eigen pust og hjarteslaga våre. Det er i denne freden familien valde å slå seg ned for sju år sidan.

Dei hadde då gode jobbar, gode vener, hus og hage på Fitjar, men Karna ønskte seg heim og dei hadde lyst å driva gard. Dermed tok dei eit val som innebar ei oppfylling av ønsket om gardsdrift, samt å bu i eit godt ivaretatt og flott kulturlandskap, omgitt av natur heller enn å vera omgitt av naboar.

– Me skulle jo ønska at det var fleire på vår alder som budde her. Det er nok det me saknar mest frå der me budde før, å ha mange kjekke folk rundt seg, fortel Karna.

Dei legg raskt til at dei framleis har kjekke folk rundt seg, det er berre mange færre av dei. Her kan det nemnast at foreldra til Karna er næraste nabo. Dei får all skryt av ekteparet, både for arbeidet dei har lagt ned for å ivareta kulturlandskapet i dalen, men også for å vera til uvurderleg hjelp i samband med logistikken rundt borna og deira aktivitetar.

Logistikk kan vera ei utfordring

– Mor til Karna jobbar som lærar i Sunndal, og ho tar med seg Olvar i barnehagen når ho fer på jobb, fortel Anton.

Sjølv pendlar han dagleg til Odda, der han jobbar som teknisk sjef. Han må medgje at  kontoret ikkje er favorittstaden hans her i verda, og tumleplassen rundt huset og i Gjetingsdalen er eit viktig element for å skapa balanse i livet.

– Nokre gongar kjem eg heim til middag her, smiler han nøgd og slår ut neven på berget der me står.

På slike dagar vippar vekta godt i favør naturen, og kontoret der han har tilbringa dagen vert gløymt.

Karna er bonde på heiltid, og er samstundes dagleg leiar for Dalelvo Kraft AS. Sidan ho held hjula i gong heime på garden, vert det ofte Anton som må ta seg av handel og liknande når han likevel er på farten. Slik dei bur traktar dei helst  til kommunane lenger inne enn til den dei eigentleg høyrer heime i.

– Dei to eldste går jo på skulen i Jondal, og der går dei også på fotball, i bedehuset og i kulturskulen. Elles går det i skyting i Sunndal, fortel Karna.

Dei er glade for ordninga med kulturskulen i Jondal, då det er lagt opp slik at dei ikkje treng å reisa heim etter skulen og attende til time i kulturskulen. Med ei reisetid på om lag tretti minutt, både til Sunndal, Odda og Jondal, ville ettermiddagen straks gått opp i reising, dersom det ikkje var tilrettelagt. Slik dei bur og lever har dei ingenting med store delar av Kvinnherad å gjera, forutan at dei tilfeldigvis bur innanfor kommunegrensene.

– Tunnelane til Odda og Jondal har gjort det mogleg å leva her, slår dei fast.

Fantasien er ein god ven

Det var ikkje berre eit val om kor ein skulle bu som vart teke. Det var like mykje eit livsstilsval.

– Det var jo me som valde å bu her, og då er me nøydde å gjera det til eit godt val for ungane også, legg ho til.

På kanten i Legeheio ser ein både Folgefonna over Sunndal, ein ser Austrepollen og Nordrepollen og dei tynne isflaka som badar i den rolege Maurangerfjorden. I luftlinje er det ikkje den største  avstanden til Sunndal, der kjærasten til Harald Eugene (6) bur, og han held handa som skugge for sola medan han kastar eit lengselsfullt blikk mot bygda til kjærasten. Det er eit avstandsforhold.

– Dersom du giftar deg med eit tre som du elskar. Og så gløymer du det heime når du skal ut på tur… byrjar han, der han ligg i snøen og funderer.

– Ja? spør eg.

Ingen svar.

– Så kan ein finna seg eit nytt tre? prøver eg.

– Nei. Så kan ein berre gå heim og henta det, svarar han.

Forslaget eg prøvde meg med var ikkje eit forsøk på å vera usentimental, men basert på hans nyleg uttalte tankar om kva ein kunne gjera dersom ein gløymte klubba si heime. Harald Eugene har nemleg laga seg ei klubbe, som mellom anna vert nytta til å støtta seg på dersom ein vert sliten på tur. Skulle ein koma i fare for å gløyma klubba heime, ville han nemleg løyst problemet med å laga ei ny klubbe. Enkelt og greitt.

Med heile verda (Gjetingsdalen) som leikeplass har Harald Eugene alltid med seg fantasien som leikekamerat. Mor fortel om ein vinter der han har leita etter – og funne – nissar med meir ute i skogen. Det er godt selskap i ein god fantasi, spesielt når det er ein heil fjord som skil ein frå kjærasten.

Alltid sol!

Sola har vore vekke i fire veker, men stråler no for fullt i Gjetingsdalen.

– Mange trur sola er vekke så lenge, men her i Gjetingsdalen er den berre vekke i fire veker. Elles har me sol, fortel Anton nøgd.

Slike faktaopplysningar er det nok dei færraste som kjenner til. For ein reiser ikkje til Gjetingsdalen dersom ein ikkje har ærend der. Og dersom ein køyrer forbi på den andre sida av fjorden, kastar ein mest ikkje blikket over til dei steile fjellsidene, for ein kan ikkje heilt tenkja seg at det finst ei bygd med 15 menneske der bakom blånane. Frå Tveitnes kan ein likevel sjå at det snirklar seg ein dal mellom to fjellknausar på andre sida av fjorden. Det finst fleire bruk der som ikkje fungerer som heilårsbustadar, noko som vitnar om trenden som har rådd både i denne bygda og andre liknande bygder; mangelen på nye etableringar i utkantane fører til ein drastisk nedgang i innbyggjartalet.

– Det er ikkje så lenge sidan det budde nitti menneske her, no er me femten, informerer Anton.

Det er ikkje berre dei vaksne som innimellom kjenner eit sakn etter å gå til ein god nabo for sosialt lag. Også ungane merker at det krev litt ekstra å få det sosiale til å gli smertefritt.

– Olav Andreas var nok litt frustrert ein dag han kom heim. «Når eg blir stor skal ungane mine få gå på SFO, og eg skal få meg ei hytte i Sævarhagen», sa han ein dag. Sævarhagen er i Jondal, forklarer Karna.

Flott plass og god utsikt

Olav Andreas (9 år og ein dag!) har ein kompis som det stort sett går i orden med å vera med på fritida.

- Men det er nokre andre det ikkje er like lett å vera med…. legg han tankefullt til, der han legg små kvistar på bålet som brenn i snøen.

Han siktar til kjærasten til broren, og ser ut til å ha 100 prosent medynk i situasjonen.

– Men kva tykkjer du om å bu her då? spør eg eldstemann.

– Me har det veldig flott, og det er god utsikt! kjem det resolutt.

Eg vender meg til Karna og undrar om han har blitt drilla i kva han skal svara på slike spørsmål, men dette har han nok kome på av seg sjølv, eller eventuelt høyrt ved eit høve eller ti. Dei små kvistane han puttar på bålet lagar knitrelydar og produserer ein heil del røyk. Det er heile poenget. Kakao med mini-marshmellows, kvikklunsj og frukt er ein godt fungerande avleiingsmanøver, sjølv om bålet held fram med knitring og røyk også på eiga hand.

– Kvifor er me så flinke til å laga bål, spør Harald Eugene medan han plukkar i snøen med klubba si.

– Fordi me er holebuarar, kjem det sjølvsagt frå far.

- No skal det bli røyk og knitrelydar, har Olav Andreas bestemt. Vetlebroren tykkjer det er spennande å sjå på.

- No skal det bli røyk og knitrelydar, har Olav Andreas bestemt. Vetlebroren tykkjer det er spennande å sjå på.

Idyllisk natur, men eit heilt vanleg liv

Medan sjokoladedrikken kledeleg breier seg rundt leppene på dei tre gutane, vert ekteparet samde om at dei kanskje bur i eit nasjonalromantisk eventyr, men at livet på ingen måte er nokon svevande og idyllisk draum. Utfordringa ligg i logistikken og dels i at ein må i bilen for å vera sosial.

Med tanke på dei få spora i snøen, undrar eg om det er mange folk som tek turen til Gjetingsdalen for å nyta turstiar som denne, til Legeheio.

Det er ikkje mange.

Sjølv prøver dei å gå turane som bygdelaget merkar opp og har system på, men utanom desse reiser dei sjeldan til bygdene utanføre Mauranger og Ænes for å oppleva naturen og turstiane der.

– Dersom me må i bilen for å køyra nokon stad er det stort sett med andre hensikter enn å gå tur. Me har så flotte område like utanføre døra, og prøver å nytta oss av dei. Skal me på storhandel reiser me stort sett til Bergen, og elles har me det me treng rundt oss. Til andre ting har ein jo netthandel, smiler Karna frå snøen.

Familien held seg slik sett med alt dei treng. Kjøt får dei frå sitt eige hushald. Gjetingsdalen har fiber, og ein kan lytta til dab-radio heilt til vegs ende.

– Det finst jo område i Oslo som ikkje har fiber, men her er det heilt på stell, supplerer Anton.

Gjetingsdalen er heilt på høgde med hovudstaden i modernisering, er konklusjonen.

Det er på tide å venda nasa heim, og Olav Andreas inntek straks fortroppen og forsvinn ut av syne lenge før Harald Eugene har kome seg ned frå klatretreet.

– Her kan eg klatra neste gong me kjem hit, slår han fast, og kjem seg til slutt ned på bakken.

Olvar August blir plassert i bæreselen, og har orkesterplass frå ryggen til mor, heile vegen heim.

Neste dag er kvardagen på plass igjen, med pendling til arbeid, skule, aktivitetar og ein logistikk som må gå opp for alle. Med nære nabobygder og gode tunnelar å reisa gjennom, bur dei likevel meir sentralt enn ein skulle tru, sjølv om dei geografisk sett bur heilt i utkanten av Kvinnherad.

Artikkeltags