VG, som var på staden då MF «Hordaland» tok inn vatn i morgontimane, har intervjua Arild Gjuvsland på ferjekaien på Varaldsøy.

Gjuvsland skulle på julehandel i dag, men vart ståande på kaien. Der har han prata med folk og mellom anna servert kaffi til dei som er blitt landfaste på øya.

Til VG seier Gjuvsland at han prata med ein av sjåførane i ein bil, som såg ei fyrlykt blinka veldig nære ferja på sjøen, og at det plutseleg small etter dette.

VG har hatt direktesending frå Varaldsøy torsdag føremiddag.

Har du tips eller informasjon? Ta gjerne kontakt med Kvinnheringen på tlf. 97 02 55 82 eller send oss ein e-post til [email protected]!

Les også:

Siste: Norled trur dei har funne årsaka

Skuleelev Ida Marie (14): – Passasjerane hadde på seg redningsvestar

Ferjene forseinka