Alle evakuert då ferja tok inn vatn: – Kunne blitt endå meir dramatisk

MF «Hordaland», som trafikkerer sambandet Årsnes–Varaldsøy–Gjermundshamn, tok inn vatn i morgontimane. Her ligg ferja til kai på Varaldsøy, medan mannskap jobbar på spreng for å pumpa ut vatn. (Foto: Ida Marie Skjelnes).

MF «Hordaland», som trafikkerer sambandet Årsnes–Varaldsøy–Gjermundshamn, tok inn vatn i morgontimane. Her ligg ferja til kai på Varaldsøy, medan mannskap jobbar på spreng for å pumpa ut vatn. (Foto: Ida Marie Skjelnes).

DEL

Like etter kl. 08.10 kom det dramatisk melding til politiet om at ferja MF «Hordaland» tok inn vatn, då den var utanfor Varaldsøy.

Har du tips eller informasjon? Ta gjerne kontakt med Kvinnheringen på tlf. 97 02 55 82 eller redaksjon@kvinnheringen.no!

Alle naudetatar vart kalla inn og hovudredningssentralen leia redningsaksjonen.

– Det vart vurdert om ferja skulle køyra på land, men den kom seg til kai, og alle personane skal no vera evakuert, sa lensmann Sigurd Børve.

Det var 13 passasjerar og eit mannskap på seks om bord, ifølgje Inge André Utåker, regionsjef i Norled. Selskapet har saman med Kystvakta, brannvesen og andre jobba på spreng for å stoppa lekkasjen.

– Ting tyder på at ferja har gått på grunn, sjølv om dette ikkje er bekrefta enno. Det er heller ikkje det vi er opptekne av no. Vi jobbar med å finna holet, tetta det, få vatnet ut og ferja i dokk, sa Utåker til Kvinnheringen i morgontimane.

– Alle blei bedne om å ta på seg livvest. Det var nok ei ubehageleg hending, men det var ikkje panikk, og kapteinen var fatta og roleg. Mannskapet har gjort ein god jobb så langt eg forstår, sa regionsjefen.

– Vi veit ikkje meir før dykkarar har vore nede og inspisert skroget, sa Utåker.

Like etter klokka 12.30 seier regionsjefen til Kvinnheringen at dei har fått kontroll på ferja.

– Den er så godt som tett, er siste beskjed. Vass-standen går ned på innsida. Det er ein taubåt like i området. Ferja er stabil og ein har fått ut mesteparten av vatnet. No skal ein vurdera om ein kan ta ferja på slep til Halsnøy Dokk, seier Inge André Utåker, og held fram:

– Det var ein ganske alvorleg beskjed å få. At det var kritisk om bord, trur eg er både riktig og reelt. Vatnet steig fort, og haldt fram med det også etter at dei var komne til land. Det kunne blitt endå meir dramatisk om det hadde teke lenger tid til kai, seier han.

Han fortel at ferja høgst sannsynleg har gått for nære land på sydaustspissen av Varaldsøy og på grunn. Ferja var på veg til Varaldsøy frå Årsnes.

Skuleelev Ida Marie (14): – Passasjerane hadde på seg redningsvestar

Ferjene forseinka

Les også:

Varslar flaum- og jordskredfare

Paddeflatt buss-skur på Ænes

Ubåt i fjorden

Artikkeltags