Kjøpte seg inn – blei Elite Snekkerservice AS

BLITT PARTNARAR: Rune Enæs (t.v.) har nyleg kjøpt 35 prosent av aksjane i firmaet til kameraten Kjell Inge Rørvik, så no har Rørvik Snekkerservice AS blitt til Elite Snekkerservice AS.

BLITT PARTNARAR: Rune Enæs (t.v.) har nyleg kjøpt 35 prosent av aksjane i firmaet til kameraten Kjell Inge Rørvik, så no har Rørvik Snekkerservice AS blitt til Elite Snekkerservice AS.

Artikkelen er over 2 år gammel

Snikkarane Rune Enæs og Kjell Inge Rørvik har slått seg saman og blitt til byggfirmaet Elite Snekkerservice AS.

DEL

I tre år har Kjell Inge Rørvik (29) frå Valen eigd og drive Rørvik Snekkerservice AS, der han mellom anna deltok i oppføringa av Folgefonnsenteret for Byggservice AS. Arbeidsmengda har etterkvart auka på, så nyleg fekk han kamerat og tidlegare kollega, Rune Enæs (44), busett på Husnes, til å kjøpa seg inn. Enæs, som førebels har overteke 35 prosent av aksjane, har til no vore tilsett ved Uskedalen trelastlager, men kjente seg klar for å driva for seg sjølv.

– Vi har snakka om å slå oss saman ei tid, og no var tidspunktet for det bra. Difor spurte eg Rune om han ville kjøpa seg inn, og det sa han ja til, seier Rørvik.

I samband med Enæs sitt aksjekjøp valde dei å skifta namn på firmaet, til Elite Snekkerservice AS.

– Det førre namnet var veldig knytt til mitt namn, så det kjendest rett å finna eit nytt namn no som vi er to eigarar. Vi tenkte på mange ulike namn, men dei fleste var opptekne. Ved slump såg eg ein bil det stod Elite på, så då blei det dette namnet. Så det er nokså tilfeldig at vi heiter akkurat dette, men vi er nøgde, seier Rørvik.

I tillegg til dei to er Magnar Rørvik, far til Kjell Inge, tilsett i firmaet. Han er eigentleg pensjonist, så dei ser ikkje vekk frå at det snart blir trong for endå ein ny medarbeidar. Når Kvinnheringen møter dei, jobbar dei med å skifta eit tak i Dimmelsvik, og dei fortel at dei tar oppdrag både innan nybygg og rehabilitering. Dei samarbeider mellom andre med Reco, og fortel i tillegg om trufaste privatkundar som tek kontakt igjen ved nye oppdrag. Dei to kameratane ser difor lyst på framtida, og står klare til å ta på seg oppdrag for tidlegare og nye kundar.

– Korleis blir det å jobba i lag når de er kameratar, trur de?

– Det trur vi skal gå veldig fint. Vi har jobba i lag ved fleire bedrifter før, så vi skal nok klara å koma overeins, smiler snikkarane optimistisk.

Rørvik Snekkerservice AS hadde i 2016 ei omsetnad på 1.3 millionar kroner og eit driftsresultat på 157.000 kroner. Årsresultatet var på 115.000 kroner.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags