Fire kvinnheringar har gått alle 16 turane i fjelltrimmen

Arkivfoto av fjelltrim til Malmangernuten.

Arkivfoto av fjelltrim til Malmangernuten.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Kvinnherad Fjelltrim er sett saman av 16 ulike turmål frå åtte geografiske område i kommunen. Fire personar har gått alle 16 turane, og det er Torill Storhaug Fotland frå Valen, Sigmund Spjelkavik frå Rosendal, Johan Storhaug frå Utåker og Synneva Stuland frå Rosendal. Elles har 58 kvinnheringar oppfylt målet for fjelltrimmen, som er å besøkja minst fem turmål i tre ulike område. Til saman er det er registrert 392 turar for desse personane. Både talet på personar som har gått alle 16 turmåla og talet på dei som har oppfylt målet til fjelltrimmen er ein nedgang frå tidlegare år – kanskje skuldast det dårleg vêr i sommar?

I år fyller Kvinnherad Fjelltrim 15 år, og det er 14 personar som har delteke samtlege år. Kvinnherad Turlag registrerer også dei som deltek for 5. og 10. gong. Kvinnherad Turlag hadde i går eit ope møte der blant anna resultatet frå årets fjelltrim blei presentert.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags