– Snakk med oss

Abraham (30) frå Eritrea og Solomon (32) håpar kvinnheringane vil snakka med dei.

Abraham (30) frå Eritrea og Solomon (32) håpar kvinnheringane vil snakka med dei.

Artikkelen er over 3 år gammel

Det er oppmodinga frå Solomon og Abraham, som brukte kvelden tysdag til å lytta til debatten om innvandring og integrering som var ved biblioteket på Husnes.

DEL

Debatten vart arrangert av ungdom frå Kvinnherad vidaregåande, prosjektet «Me snakkast» og biblioteket. Liknande debattar er gjennomførdeog skal gjennomførast også i nabokommunane våre.

Prosjektleiar Svein Olav Langåker var imponert over både debattleiarane og alle ungdommane som våga å ta ordet og spørja under vegs.

I panelet sat Trym Vårdal, leiar i AUF, Vigdis Gammelsæter frå Røde Kors, Zumilana Eldi, flyktning og kvinnhering, Linda Lillesletten, flyktningkoordinator, Kai Morten Torget, leiar i Kvinnherad Frp og Elisabeth Croles frå Vaksenopplæringa. Det heile vart leia av Brede Grønningen, med hjelp av Sara Guddal.

Kvar og ein i panelet fekk først to minutt til å snakka om integrering og innvandring generelt, før det var tid for debatt.

Unge Vårdal var oppteken av kor viktig det er å ta vare på dei som flyktar, og særleg dei som kjem hit og må integrerast i samfunnet. Integrering fortalde òg Vigdis Gammelsæter om, og ho var inne på at framandfrykta, som det blir skrive mykje om, blir forsterka jo meir enn ein skriv om det. Ho fortalde at ho sjølv var i ein integreringsfase, som ny i Kvinnherad.

Zumilana Eldi, fortalde ei historie som søstera hennar skreiv då ho var fire år, om det skumle med å koma til ein leir her i Norge.

Linda Lillesletten snakka også om integrering. Ho peika på at kommunen kan gje rettleiing og hjelpa med ein del praktisk. Men hovudjobben med å integrera seg må flyktningane gjera sjølv, med hjelp frå lokalbefolkninga og kommunen.

Frp-politikarane Kai Morten Torget meinte at ein i Norge i dag er komen til eit punkt der det er for mykje rasisme i debattane, særleg på nett Han peika på at det er svært viktig å ta vel imot våre nye landsmenn. Siste mann ut som innleia, Elisabeth Croles fortalde om introduksjonsprogrammet alle som kjem til landet må gjennom, og sa ho var svært glad for å delta i ein debatt som ungdommen har teke initiativ til.

Debatt

Ikkje uventa vart det ein liten debatt om kvar ein skal hjelpa dei som er på flukt, i nærområdet sitt eller å ta imot fleire her i Norge. Kai Morten Torget meinte det var viktig å ta imot her i Norge, men at ein burde gjort meir for å hjelpa i nærområdet. Trym Vårdal på si side snakka om kro viktig det var å ta imot flyktningar i Norge.

I denne saka påpeika Vigdis Gammelsæter at dette ikkje er ein motsetnad, ein må hjelpa både i nærområdet og her i landet.

Elev Vilde Fiskerstrand hadde mange spørsmål til debattantane, og lurte mellom anna på kva ein kan gjera for å hjelpa med å integrera annan enn å seia hei og melda folk på i facebook-grupper.

Her hadde panelet fleire meiningar, Vigdis Gammelsæter viste til Røde Kors sitt nye integreringsprosjekt, og ho oppmoda flest mogleg av ungdommane til å stilla opp der og delta.

Førsteklassing ved KVV, Jarand Naterstad spurde kor mange flyktningar Kvinnherad burde ta imot, men dette ville ingen gje direkte svar på.

Fotball

Under vegs vart det og diskutert kva ein kan gjera for å engasjera fleire ungdommar. Linda Lillesletten sa her at det gjekk veldig bra for mange unge fotballgutar, som på den måten fann seg vener. Verre er det særleg for jenter i alderen 14–18 år, som slit med å finna seg til rette

Dette fekk ungdommen Erlend Fredheim til å spørja om kva ein kan gjera med dette, for eksempel med at ein del jenter går i andre klede enn norske jenter.

Zumilana Eldi i panelet då svara at det går an å invitera jenter med på å gå tur, og samstundes at det kan leggjast til rett for eksempel for reine jentegrupper, for eksempel i symjehallen. Linda Lillesletten var her klar på at det er viktig både med reine jentegrupper, men at ein og må gjera ting i lag i fellesskap.

– Det finst no så mange ulike typar klesdrakter, og det går an å spela fotball eller volleyball i alle typar klede, peika Kai Morten Torget på.

– Vi må visa respekt uansett korleis ein går kledd, det er det viktigaste sa Torget.

Debatten varte i om lag ein halv annan time og vart trygt og stødig leia av Brede Grønningen.

Snakk med oss

Etter debatten prata Kvinnheringen med Abraham (30) frå Eritrea og Solomon (32) frå same land.

Abraham har vore i Norge i halvtanna år, og var det første året i mottak i Årdal, før han flytta til Husnes. No har han språkpraksis ved Coop Prix i Rosendal. Solomon har enno mindre fartstid i landet med rett over eitt år.

Dei tykte det var ein interessant debatt, sjølv om det ikkje var alt dei forstod.

– Det å koma inn i det norske samfunnet tykkjer dei ikkje er så veldig lett.

– Nokre seier hei til oss, andre nikkar og andre ser vekk, seier han.

Det han tykkjer er mest rart i Kvinnherad er at av og til når han tek bussen og vil setja seg ned med folk, så flyttar dei og set seg vekk.

– Men kva skal vi kvinnheringar gjera, spør vi?

– Snakk med oss, slå av ein prat. Då blir vi utruleg glade. Vi prøver å læra oss norsk, og veit det er det aller viktigaste for oss i framtida, men vi lærar det ikkje utan at nokon pratar med oss, seier dei to nyinnflytta eritrearane.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags