Årets beste butikk

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

I 2008 vart Bygger'n Teigen årets butikk i Bygger'n-kjeda. No gjentok dei bedrifta.

DEL

Bygger'n har hatt årsmøte og kjedekonferanse i helga, mellom anna med prisutdelingar laurdag kveld. Der vert årets butikk kåra, som er den gjævaste prisen.

Dagleg leiar Even Teigen seier til Kvinnheringen at dette kom utruleg overraskande.

– Vi hadde håpa å bli nominert, men å vinna for andre gong hadde vi ikkje enkt tanke om. Det er heller ingen som har vunne prisen to gonger, så dette var verkeleg stort, seier Teigen.

Det er 93 butikkar med i kjeda, og laurdag måtte dei tre eigarane av butikken Even, Ørjan og Edvin Teigen på podiet for å ta imot prisen.

– Eg hadde ikkje førebudd nokon takketale, men sa som sant var, dette er ein pris til alle dei tilsette hos oss. Uansett kva ein driv med må ein ha dei tilsette med seg, det er dei som ber bedrifta. Vi er evig takknemlege for alle som jobbar hos oss, seier Teigen.

No lovar han og feiring, først med kake på måndag, så får ein finna plass til ei skikkeleg feiring seinare.

Lovord

Det var kjededirektør Christine Holm som delte ut prisen og ho er full av lovord om verksemda frå Kvinnherad.

Prisen er delt ut i ti år, og dei er rett og slett kjempeflinke.

– Det er ei ein stor bragd, og dei gjer ein fantastisk jobb, seier Holm. Ho fortel at vinnaren må ha gode resultat, og omsetningsvekst, og den var på 14 prosent for Bygger'n Teigen i 2015. Ho fortel vidare at butikken scorar stort høgt på service og dei følgjer butikk-konseptet prikkfritt.

– Dermed vart dei fortente vinnarar blant mange svært sterke kandidatar, seier Holm.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags