– Det er berre heilt fantastisk

KJØR DEBATT: F.v.: Marcus Såtendal, Ole Kristian Gjuvsland, Kristian Enes, Mats Langmo Røssland, Erlend Fredheim.

KJØR DEBATT: F.v.: Marcus Såtendal, Ole Kristian Gjuvsland, Kristian Enes, Mats Langmo Røssland, Erlend Fredheim.

Artikkelen er over 2 år gammel

Hydro Husnes sine gledelege nyhende var nok samtale både rundt middagsbord og der folk møttest fredag.

DEL

På Rema 1000 møter vi Dagfinn Gjerde i prat med sjåfør Olav Ljostveit. Tema er sjølvsagt Hydro Husnes.

– Det er det beste som kunne skjedd og var tema her på butikken i heile går. Eg kan ikkje tenka meg ei betre nyhende no før jul, seier Dagfinn Gjerde.

Olav Ljostveit følgjer opp og seier dette må vera positivt for heile næringslivet og generelt for kommunen.

– Kanskje blir det fleire skattekroner inn, slik at Opsangervegen kan lagast noko breiare, seier Ljostveit og smiler i skjegget.

Dagfinn Gjerde meiner Hydro-nyhenda er det beste som kunne skje alle som driv med næring og forretning. Det var verkeleg stort og knallpositivt, seier Gjerde.

Han rosar òg ordføraren som tidleg var på banen og verkeleg gleda seg over denne hendinga.

– Eg tør ikkje tenka tanken på kva som ville skjedd om Hydro Husnes hadde forsvunne, det lokale næringslivet er så utruleg viktig for heile samfunnet, slår Gjerde fast.

SNAKKIS: Dagfinn Gjerde fortel at Hydro Husnes definitivt var det store samtaletemaet på butikken onsdag og torsdag.

SNAKKIS: Dagfinn Gjerde fortel at Hydro Husnes definitivt var det store samtaletemaet på butikken onsdag og torsdag.

Handla inn sprudlevatn

Hos Byggern på Husnes er stemninga mildt sagt god. Det er ikkje mange dagane sidan verksemda fekk plakett på veggen som seier at dei er årets Hiba-Hus-forhandlar i 2017, og så kom nyhenda om Hydro Husnes.

– Heilt utruleg, eg gjekk rett og handla sprudlevatn og litt godsaker til våre største kundar. Dette måtte feirast, seier dagleg leiar Even Teigen.

Han jobbar i eit selskap som alt har full ordrebok i 2018, og så kom denne nyhenda.

– Det er klart dette vil føra til nybygging, og i tillegg vil det nok blir betre bruktmarknad. Eg trur vi må tilbake til opninga av Søral, for å finna ein like stor dag her i kommunen. Dette vil gjera det utruleg trygt og fint for utruleg mange, seier Even Teigen.

STØRSTE DAGEN: Lars Kåre Tveit, Nils Olav Støle og Even Teigen vart nyleg årets forhandlar av Hiba Hus, og onsdag kom meldinga om at Hydro opnar igjen. Med andre ord god grunn til å smila.

STØRSTE DAGEN: Lars Kåre Tveit, Nils Olav Støle og Even Teigen vart nyleg årets forhandlar av Hiba Hus, og onsdag kom meldinga om at Hydro opnar igjen. Med andre ord god grunn til å smila.

Juleglede

I julehandelmylderet på Husnes storsenter fredag morgon har gledesrusen etter nyhenda frå Hydro Husnes dagen i førevegen enno ikkje lagt seg. Og det er ikkje berre folk busette i regionssenteret som gler seg over den svære investeringa som snart skal koma i B-hallen.

– Dette er kjempepositivt og viktig for heile kommunen! Ei slik satsing betyr nye arbeidsplassar og mange andre ringverknadar, så dette er gledeleg, smiler Randi Karin Tufta frå Halsnøy.

I lag med Aleksander Tufta, Terje Kristiansen og Ragnhild Hope, sistnemnte frå Sandvoll, er ho klar på at dette var akkurat det Kvinnherad trong no.

– Ein merkar at tidene er i ferd med å snu, og at det begynner å bli ei større optimisme ute i arbeidslivet no. Og med dette løftet ein fekk med meldinga frå Hydro Husnes, kjem optimismen berre til å veksa. Dette lovar svært godt med tanke på jobbtilgang for folk, seier Kristiansen, som sjølv er tilsett i eit bemanningsbyrå, og blir leigd ut til ulike arbeidsplassar.

– Blei de overraska over nyhendet?

– Eg blei litt overraska ja, for no har det gått så mange år sidan hallen stengde ned. Men så kjem Hydro med meldinga om ei kjempeinvestering her. Det er nesten ikkje til å tru, og det er beint fram heilt fantastisk, meiner Aleksander Tufta.

– Og så no då, rett før jul. Dette er berre å gle seg over, legg Hope til med eit smil.

DET VI TRONG: Terje Kristiansen (frå venstre), Aleksander Tufta, Randi Karin Tufta og Ragnhild Hope meiner nyhenda om B-hallen var akkurat det kommunen trong no.

DET VI TRONG: Terje Kristiansen (frå venstre), Aleksander Tufta, Randi Karin Tufta og Ragnhild Hope meiner nyhenda om B-hallen var akkurat det kommunen trong no.

Trur på nye innbyggjarar

Også Jan Ove Johansen, Sondre Ljostveit og Rune Ljostveit, alle frå Seimsfoss, er samde i at satsinga på Husnes betyr svært mykje for heile Kvinnherad.

– Mange nye arbeidsplassar står for døra, noko som truleg vil bety at vi får fleire innbyggjarar i heile kommunen. Mange vekependlar i dag, men har eit ønskje om fast arbeid her heime. No vil det vonleg bli lettare for kommunen å få respons i Kom heim-kampanjane sine, smiler dei. 

Rune legg til at det er viktig at kommunen lét folk få tilgang på bustadar og at folk som ønskjer å byggja, må få lov til å byggja.

– Hadde de vågd tru at det skulle gå denne vegen?

– Ja, det er klart, vi hadde trua. Men det har gått mange år sidan stenginga, så det var på høg tid no. Utruleg kjekt at Hydro vil investera så stort her, seier Sondre.

TRUR PÅ FLEIRE INNBYGGJARAR: Rune Ljostveit (frå venstre), Sondre Ljostveit og Jan Ove Johansen frå Seimsfoss trur fleire kjem til å busetja seg i Kvinnherad når mange nye arbeidsplassar kjem.

TRUR PÅ FLEIRE INNBYGGJARAR: Rune Ljostveit (frå venstre), Sondre Ljostveit og Jan Ove Johansen frå Seimsfoss trur fleire kjem til å busetja seg i Kvinnherad når mange nye arbeidsplassar kjem.

Tenk på sommarjobbane

Dette knippet med KVV-elevar er ikkje i tvil: Hydro Husnes-satsinga er kjempebra for heile lokalsamfunnet, også sommarjobbmarknaden.

Kvinnheringen forstyrra fem elevar i skulebiblioteket fredag føremiddag, og når dei høyrde at det skulle handla om Hydro Husnes var dei ikkje vanskelege å be.

– Dette var eit strålande nyhende for heile kommunen! er heile gjengen samde om.

Alle fem går på studiespesialiserande, Marcus Såtendal (16) frå Dimmelsvik første året, resten tredje året: Ole Kristian Gjuvsland (20), Husnes, Kristian Enes (18), Ænes, Mats Langmo Røssland (18), Rosendal, og Erlend Fredheim (18), Rosendal.

– Dette er veldig bra. Ikkje berre med tanke på dei 90 faste stillingane, men det må jo bli fleire sommarjobbar òg, smiler Mats, som også peikar på hjørnesteinsbedrifta sine mange bidrag til lokalsamfunnet opp gjennom åra.

Erlend synest også Hydro-satsinga er udelt positiv:

– For oss som snart skal studera, er sommarjobb ein viktig del av det å finansiera studiane, og Hydro Husnes er ein attraktiv plass å søkja sommarjobb. Elles vil 90 nye faste jobbar få ned arbeidsløya, og det er viktig no når det er færre oljejobbar. Kommunen vil få større skatteinntekter – det er òg positivt.

Såpass god økonomi-innsikt lovar bra når dei fire avgangselevane fortel at Kvinnheringen har kapra dei i ein pause i ein økonomiprøve.

Yngstemann Marcus har òg tankar om kva løft B-hallen vil gi:

– Det er ikkje så lett å få faste jobbar her, så 90 nye arbeidsplassar er veldig bra. Dette er viktig for heile kommunen. For til dømes TIP-elevane her vil det vel òg bety fleire lærlingplassar.

Ole Kristian peikar på at også den lokale bustadmarknaden vil få eit løft:

– Eg ser berre positive effektar, og så kjem det ringverknader for andre bedrifter som òg vil få meir å gjera.

Kristian Enes sluttar seg til:

– B-hallen vil gi fleire arbeidsplassar enn dei 90 hos Hydro Husnes, og betra arbeidsmarknad vil føra til at fleire flyttar til Kvinnherad. Det er også ein bra effekt.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags