Ber folk ta julehandelen lokalt

Ordføraren oppmodar kvinnheringane om lokal julehandel. (Arkivfoto)

Ordføraren oppmodar kvinnheringane om lokal julehandel. (Arkivfoto)

Artikkelen er over 3 år gammel

Ordførar Peder Sjo Slettebø meiner kvinnheringane sjølve kan bidra til at kommunen har trygge arbeidsplassar, ved å ta julehandelen heime i Kvinnherad.

DEL

Trygga arbeidsplassane kan ein gjera ved å nytta seg av dei tenestene som lokale bedrifter kan tilby. Han viser mellom anna til kor mange som er tilsett i detaljhandelen i Kvinnherad.

– Kvinnheringane er flinke til å handla lokalt, det er viktigare no enn på lenge. Når vi no snart går inn i juleførebuingane vil eg nytta høvet til å oppmoda alle om å ta julehandelen heime i Kvinnherad. Det er vi som utgjer marknaden som butikkane treng for å eksistera, sa ordføraren i opningstalen sin i kommunestyremøte sist veke.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags