Heilt greitt med tidleg jul

JULEBUTIKKEN: Zelveste Jostein Tvedten tek helst inn julepynt som ikkje alle andre har. Denne kula er han veldig glad i.

JULEBUTIKKEN: Zelveste Jostein Tvedten tek helst inn julepynt som ikkje alle andre har. Denne kula er han veldig glad i.

I 32 år har Zelveste Jostein Tvedten drive butikk på Halsnøy, og jula den kjem tidlegare og tidlegare.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– Det er ingen tvil om at det har vore store endringar og at jula kjem tidlegare og tidlegare. Før var det første søndag i advent, men no er november blitt månaden.

Akkurat det synest i grunnen Zelveste er heilt greitt.

– Med den store butikken vi har, så vil det vera altfor mykje arbeid å laga til jul berre for tre til fire veker, forklarar Tvedten.

Han meiner det er samfunnsendringar som gjer at jula kjem tidlegare, og at ein då må følgja dei trendane som er.

– Eg synest det er kjekt med jul likevel, dagane før vi opnar julebutikken er alltid slitsame, men når grønsåpelukta kjem fram og butikken er julepynta er det alltid kjekt. Når ein pyntar så tidleg fører det og til at salet jamnar seg ut over ein lengre periode, og det blir ikkje så travelt dei siste vekene før jul.

– Men kva så med kundane, likar dei det?

– Det er alltid mange kommentarar om at jula kjem tidlegare og tidlegare, men dei kjem som regel med eit smil, og så handlar folk seg litt julepynt uansett, forklarar Tvedten.

Annleis butikk

Tvedten seier dei brukar mykje tid på å laga ein litt annleis og spesiell julebutikk.

– Vi prøver å ha ein del ting du ikkje finn alle andre stader, der det er innbydande og koseleg. Det skal jo vera ein lur butikk, seier Tvedten.

Julestemning får ein i butikken i landsbyen Sæbøvik. Men kva med julemusikken, vi høyrer ikkje den?

– Nei, den ventar vi med til første desember, der er eg veldig nøyen. Mor mi sa det ville koma regn om vi byrja å spela julemusikk før første desember, og hennar råd lyttar vi til. Når vi ser ut på regnet, så er det tydeleg at ikkje alle følgjer det rådet, sukkar Tvedten.

Og julemusikk er kanskje det einaste Zelveste kan bli litt lei når ein kjem til sjølve jula.

– Her går det i eitt med julemusikk frå første desember, og vi spelar berre barnsleg julemusikk, aller helst Wenche Myhre, seier Tvedten.

Artikkeltags