Julepynten kjem ikkje opp før på vetlejulaftan hos desse damene

HELD PÅ LILLA: Jorunn Mikkelsen (t.v.) og Målfrid Gjuvsland (samt Ester Årdal Tveit som står i kø ved kassen) pyntar berre med lilla til advent. Julepynten kjem ikkje opp før vetlejulaftan.

HELD PÅ LILLA: Jorunn Mikkelsen (t.v.) og Målfrid Gjuvsland (samt Ester Årdal Tveit som står i kø ved kassen) pyntar berre med lilla til advent. Julepynten kjem ikkje opp før vetlejulaftan.

Berre lilla i adventa.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Målfrid Gjuvsland (67), Jorunn Mikkelsen (70) og Ester Årdal Tveit (59) har seg ei kaffistund på Husnes storsenter, då vi spør dei om dei kan fortelja litt om sine pyntevanar for advent og jul.

– Adventspynten kjem opp første søndagen i advent, og den er lilla, fortel dei.

Tveit fortel at ho følgjer tradisjonen om at skittensøndag skal vera lilla. Julepynten kjem ikkje opp før vetlejulaftan hos desse damene.

– Kor lenge får den hengja då?

– Hos meg blir den til 13. eller 20. dag jul, fortel Tveit, og Gjuvsland er konsekvent på 13. dag jul.  

– Eg blir litt fortare lei, så eg tar den gjerne ut rett etter nyttårsaftan, legg Mikkelsen til.

– Har de inntrykk av at dei yngre generasjonane har andre pyntevanar?

– Ja, svigerdotter mi er så glad i jula at ho alt no har funne fram julepynten, og ho lar den no gjerne hengja lenger enn det eg gjer, fortel Gjuvsland.

– Jula har blitt lengre for dei yngre i dag, ja. Kanskje har det å gjera med at dei treng litt ekstra lys i desse mørke månadane, føreslår Mikkelsen.

– Og lilla adventspynt ser ut til å vera mykje borte for dei yngre. Dei går rett på julepynten, legg dei til.

– Kva synest de om endringa?

– Det er jo litt trist om adventstradisjonane blir borte, men vi har no heller ikkje noko med korleis dei unge pyntar. Tidene endrar seg. Vi òg skapte oss tradisjonar som ikkje foreldra våre hadde, seier Tveit.

– Ja, mor mi, til dømes, pynta berre med lilla lys, medan eg skaffa meg lilla dukar og slike ting i tillegg. Eg tok den rett og slett litt lengre enn ho, seier Gjuvsland.

– Og mødrene våre bakte mykje til jul. Det gjer ikkje vi. Bakeria hjelpar oss med slikt, blunkar Mikkelsen.

Jul i månadsvis

Då Kvinnheringen prøvde å koma i kontakt med personar som alt no er i gang med juleførebuingar, fekk vi svært stor respons. Både kommentarar og meldingar vi fekk stadfestar langt på veg det som òg intervjuobjekta i desse sakene seier - at tidspunktet jula kjem på for folk i dag har endra seg monaleg samanlikna med for førre generasjon. Ikkje berre i høve til pyntinga, men òg for julerituala våre. Beste- og oldeforeldregenerasjonane heldt det meste av julefeiringa innanfor julaftan og framover, og hadde eit ordtak som heitte «Tjuande dags Knut feirar jula ut». I dag skjer store delar av juleaktivitetane - som julebord, juleframsyningar og så vidare, frå slutten av oktober og utover, og julefeiringa ser for dei fleste yngre i dag ut til å vera definitivt slutt når nyttårsaftan har passert.

Artikkeltags