I mest kvar ei bygd ligg eit bedehus

Arne Lindekleiv kan fortelja om framleis stort engasjement for bedehusa i Kvinnherad.

Arne Lindekleiv kan fortelja om framleis stort engasjement for bedehusa i Kvinnherad.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Desse er, og har vore, samlingsstader for aktivitetar og bøn gjennom generasjonar. Etter å ha lese om eit bedehus som nyleg vart seld på Bømlo, dukka spørsmåla opp; Korleis står det til her i Kvinnherad? Kva historier gøymer seg i bedehusa her? Kvar måndag framover vil Kvinnheringen i ein serie ta tempen på bedehusa i kommunen.

DEL

Arne Lindekleiv er ikkje berre styreleiar i Husnes indremisjon, han sit også i administrasjonen for Indremisjonssamskipnaden, med kontor på Leirvik. Han vart den naturlege personen å kontakta, og staden å byrja gravinga då tanken om å ein serie om alle bedehusa i Kvinnherad var blitt meir enn berre ein tanke. Men først litt historikk.

Det starta i ei løe

Indremisjonssamskipnaden for Sunnhordland, Hardanger og Voss vart skipa her i kommunen, nærare bestemt under eit møte i Uskedalen, i løa til Hans Døsland, 2.pinsedag, i det herrens år 1864. Ein som vert trekt fram som ein hovudperson i historia om stiftinga av samskipnaden heitte Samson Thoresen Stueland (1798-1879), fødd og oppvaksen i Omvikdalen. Han var også med og stifta Det Norske Misjonsselskap i 1842, og var såleis godt kjend med misjonsarbeid då indremisjonssamskipnaden vart etablert. Han var også ordførar i Kvinnherad og tingmann i løpet av si levetid.

Lindekleiv peikar enno lenger attende i historia, for å skissera kor det heile starta. Som truleg mange kjenner til, reiste Hans Nielsen Hauge til fots rundt i landet som predikant. Han grunnla den kristne rørsla som fekk namnet haugianarane, og gjennom arbeidet hans vart det fleire vekkingar rundt om i bygdenoreg. Det var hovudsakleg bønder som vart med i rørsla.

På tida då han reiste rundt, mellom 1797 og 1804, var det ikkje lovleg for lekmenn å halda møte og forkynna Guds ord utan soknepresten si velsigning. Av den grunn vart Hauge fengsla fleire gongar, og han vart også dømd til slaveri. Etter 1811 reiste han ikkje lenger landet rundt, og han døydde i Kristiania i 1824, førti år før «Sunnhordland, Hardanger og Voss Indremisjonssamskipnad» vart etablert i Uskedalen.

I Kvinnherad finn ein bedehus på Varaldsøy og i Rosendal, men ikkje noko lenger innover i fjorden. Heller ikkje Hatlestrand og Ølve har etablert eigne bedehus. Folket har samlast i stover og skulehus i bygdene der det ikkje har blitt reist eigne bygg for høve.

Endringar i bygdesamfunnet

– Haugerørsla var med på å omskapa bygdesamfunnet radikalt. Hauge var nemleg ikkje berre ein omreisande predikant, han var også ein forretningsmann, og inspirerte til næringsutbygging der han reiste. Vi veit at haugerørsla og personar som høyrde til i denne var føregangsmenn når det galdt å starte opp ulik næringsverksemd i bygdene, og her i Sunnhordland og Kvinnherad ser ein dette særskild innan båt og skipsbyggingsverksemder, fortel Lindekleiv vidare.

Då det viser seg at båtbyggjaren frå Sunde, Hans Gravdal, er leiar i byggekomiteen for fleire bedehus, mellom anna bedehuset på Varaldsøy, anar ein at samanhengen mellom kristen- og næringslivet var høgst reell. Gravdal var ein aktiv mann i indremisjonen. I tillegg til å vera eit trus- og arbeidsfellesskap, støtta også haugianerane kvarandre økonomisk.

Opnar ein augo for eit større bilete for eit lite sekund, har det kristne miljøet i heile vår tidsrekning spela ei stor rolle i utbyggingar av samfunn og for kunst- og kulturhistoria vår. Dette gjeld i heile Europa. Der kristenfolket har hatt behov for å samlast og for å undervisa og forkynna Guds ord, der har det også blitt satsa på handverkarar av ymse slag. Byggherrar så vel som kunstnarar. Ein kan ana at det er ein parallell ved indremisjonen sine bedehus og sysselsetjing av ulike handverkarar og næringar, som i dette døme, Hans Gravdal. Talarstolane i dei ulike bedehusa vitnar om at også dei lokale treskjerarane vart sysselsette som følgje av vekkinga.

– Med vekkinga vaks behovet for indremisjonsrørsla fram. Det byrja med at ein samlast heime hos folk, men etter kvart trong ein større plass, og ein ser at bedehusa byrja å dukka opp.

Bedehusa

Her i kommunen var det i Omvikedalen og Uskedalen det starta for indremisjonen, men det er på Halsnøy ein finn det eldste bedehuset som framleis er aktivt. Zoar bedehus har 130 års jubileum i år, og er framleis eit hus med mykje aktivitet.

Sjølv om det er ein heil del faste og enkeltståande arrangement i bedehusa den dag i dag, legg ikkje Lindekleiv skjul på at tidene har endra seg. Det har også tankemåtane våre, og prioriteringane våre i kvardagen like eins.

– No er det kort veg mellom bygdene, ein er meir mobil enn tidlegare, og det er samstundes fleire aktivitetar å velja mellom, noko som gjer at me er blitt mykje meir travle enn me var før, reflekterer han.

For enkelte av bedehusa har mogleg dette vore medverkande årsak til ein nedgang i aktiviteten. Men for mange av bedehusa er det framleis stort engasjement, mellom anna med barne- og ungdomsarbeid, samt andre samkomer. Difor er det folk inn og ut dørene mest kvar dag i enkelte bedehus i kommunen.

Mange av dei som nyttar bedehusa til møter, reiser rundt på dei arrangementa dei kan, og møtest på tvers av bygdene. Enkelte bygder samarbeider om arrangement, og byter på å husa bønemøter og andre tilstellingar. Lindekleiv understrekar også at eldsjelene og drivkreftene bak både aktivitetane og vedlikehald av bedehusa støtt vert eldre. Eit sterkt ønskje er å få yngre menneske inn i styra.

Denne trenden og dette ønsket skal visa seg å føra med seg ekko rundt om i bygdene, etterkvart som kilometrane trillar og dei mange bedehusa vert oppsøkte.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags