Vindkraft i Kvinnherad: Vil ha folkeavrøysting

Leiaren i Kvinnherad Venstre, Kent Are Kjørsvik Petterson, ynskjer at kvinnheringane skal gå til folkeavrøysting om vindkraft i Kvinnherad. (Arkivfoto).

Leiaren i Kvinnherad Venstre, Kent Are Kjørsvik Petterson, ynskjer at kvinnheringane skal gå til folkeavrøysting om vindkraft i Kvinnherad. (Arkivfoto).

Venstre ynskjer at kvinnheringane skal visa kva dei meiner om vindkraft gjennom folkeavrøysting.

DEL

Leiaren i Kvinnherad Venstre, Kent Are Kjørsvik Petterson, har i eit brev til ordføraren bede om ei folkeavrøysting for å avklara kva innbyggjarane i Kvinnherad meiner om vindkraft i Kvinnherad. Dette for å senda eit tydeleg signal til styresmaktene.

Venstre ynskjer at valstyret får i oppgåve å leggja til rette for, og å gjennomføra, ei eventuell folkeavrøysting i samband med kommunevalet hausten 2019.

Venstre ber ordføraren oppretta ei sak til kommunestyremøtet i juni.

– Medlemsgruppa vår ynskjer at ein får avklart om det er så brei motstand mot vindkraft som det kan sjå ut som i media. I så fall er det eit godt signal å senda til NVE som høyringsvar, seier Kent Are Kjørsvik Petterson.

– Det verkar å vera stor semje om motstand. Er det naudsynt med folkeavrøysting?

– Vi politikarar må jo høyra på alle veljarane våre. No er det motstandarane som har vore mest engasjerte. Det betyr ikkje at det ingen som er for, og det er viktig å få fram og å synleggjera begge sider av denne debatten, seier Venstre-leiaren.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags