Søk avslutta etter leiteaksjon i Sæbøvik

Her er brannmannskapa i ferd med å pakka saman i 22.15-tida då leiteaksjonen vart avslutta.

Her er brannmannskapa i ferd med å pakka saman i 22.15-tida då leiteaksjonen vart avslutta. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

I 18.30-tida i kveld vart det sett i gang ein omfattande leiteaksjon i Sæbøvik etter at ei kvinne skal ha høyrt rop om hjelp.

DEL

Ei kvinne skal ha høyrt ei kvinnestemme ropa om hjelp i Sæbøvik laurdag kveld, det var Sunnhordland som melde saka fyrst.

Kvinna skal ha høyrt fleire rop om hjelp med eit par minuttars mellomrom og tipsa politiet i 18.30-tida.

Etter snaut fire timars leiting er søket avslutta etter at ingen er blitt funne og ingen er meld sakna på Halsnøy.

Tor Kristian Olsen ved Kvinnherad Lensmannskontor seier til Kvinnheringen at det har vore søkt med både helikopter og båtar i området og at fleire, både frivillige og Kvinnherad Røde Kors Hjelpekorps har delteke i søket.

Ein veit enno ikkje kva som ligg bak ropa som tipsaren skal ha høyrt, men politiet vil uansett rosa ho som melde i frå.

Leitemannskapet er òg takksame overfor dei på samfunnshuset som stilte opp og laga kaffi, medan søket følregjekk.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags