Ved 18.00-tida byrja det å frysa på, og vegane i Husnesområdet var svært glatte då klokka var noko over 19. Vêret var meldt slik, men det var framleis ikkje salta på vegen, og det var klink is i vegbana.

Statens vegvesen melder om glatte vegane på heile Vestlandet, og dei har fått melding om at det er glatt i Kvinnherad. Vi fekk ikkje opplysingar om når ein kunne rekna med at vegane vart salta.