Ragnhild var med og tok gull

Hilde Fenne, Ragnhild Femsteinevik og Jorid Mørkve jublar etter NM-gullet.

Hilde Fenne, Ragnhild Femsteinevik og Jorid Mørkve jublar etter NM-gullet.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

DOMBÅS: Ragnhild Femsteinevik opplevde eit av sine største og stoltaste augeblink då ho torsdag kveld vart norsk meister i stafett saman med Hilde Fenne og Jori Mørkve.

DEL

– Vi hadde håp om at det skulle vera mogleg å ta medalje dersom alle presterte opp mot sitt beste. Det var overraskande at vi skulle vinna ettersom Oslo var klare favorittar, sa Ragnhild og dei to andre etter at dei hadde avgjort den prestisjefylte stafetten til sin fordel. Det var for øvrig spesielt for ho å stå øvst på sigerspallen i et seniornorgesmes-terskap.

Femsteinevik held nemleg junioralder i nokre dagar til. Det var for ho ei tillitserklæring å få gå saman med Fenne og Mørkve, som begge har internasjonale merittar å visa til. Fenne har til og med blitt juniorverdsmeister. Dei to vossingane var fulle av lovord om korleis Hatlestrand-jenta løyste den vanskelege oppgåva å gå startetappen.

Heldt hovudet kaldt 

– Ragnhild heldt hovudet kaldt. Ho let seg ikkje stressa sjølv om Synnøve Solemdal sette opp stor fart frå start av. Utøvaren frå Kvinnherad imponerte på standplass og klarte seg bra mot garva seniorar, konkluderte dei langt meir rutinerte lagvenninnene etter at Femsteinevik hadde lagt grunnlaget for det som skulle visa seg å bli ein klar siger på Oslos andrelag til slutt.

Det var overraskande at det var kretsens andrelag som skulle bli tøf-faste utfordrar. Oslos førstelag var nemleg klare favorittar før start sjølv om dei mangla Tiril Eckhoff og det sterkaste kortet. Fanny Horn Birkeland som nyleg vart verdsmeister og Ingrid Landmark som også var norsk VM-deltakar i Holmenkollen, gjekk to av tre etappar for laget som var sterkt på papiret.

Begge konkluderte etter stafetten med at dei har hatt betre dagar som skiskyttarar og vart slått av tre jenter som var betre akkurat denne dagen. Hilde Fenne som ofte har vært ustabil på standplass, lukkast betre enn på lenge i NM-stafetten. Dottera til den mangeårige landslagsmannen Gisle Fenne heldt som vanleg stor fart i sporet. Ho sørga for at Mørkve fekk eit kjempeutgangspunkt.

– Eg kjende på det presset det er å gå ut først på ein ankeretappe. Men det er trass alt betre å gå ut først enn som nummer to, sa dama som vart møtt av ei jublande Ragnhild i målområdet. Det lokale skiskyttaresset som var veldig tilfreds med måten ho løste standplassdrillen på. Fullt så nøgd var ho ikkje med det fysiske ettersom det etter eige utsagn gjekk litt tungt.

– Det gjekk tyngre enn eg hadde håpa på. Eg håpar eg fekk den gjennomkøyringa i dag som gjer at det går lettare seinare i NM, sa ho.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags