Ny hotelldrift og nye husvære

KJØP: Kvinnherad kommune kjøpet 14 nye husvære som skal byggjast over den tidlegare restaurant Vift ved Husnes Hotell. Ordførar Peder Sjo Slettebø her med seljarane Geir Rusten og Elin Stene.

KJØP: Kvinnherad kommune kjøpet 14 nye husvære som skal byggjast over den tidlegare restaurant Vift ved Husnes Hotell. Ordførar Peder Sjo Slettebø her med seljarane Geir Rusten og Elin Stene.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Kvinnherad kommune investerer 30 millionar og kjøper 22 nye husvære i Husnes sentrum. Det utløyser òg oppussing av Husnes hotell.

DEL

– Hotellbygget har vore ein verkebyll lenge. Det er difor gledeleg at vi endeleg har fått ei løysing på denne saka, seier ordførar Peder Sjo Slettebø.

Fredag vart det kjent at Kvinnherad kommune kjøper 14 nye husvære som SHL Eigedom skal byggja over taket på den tidlegare restauranten Vift ved Husnes hotell. I tillegg vert det kjøpt åtte husvære, som ligg over lokala til Posten på Husnes, hos Teigen Eigedom. Dette er første del av den kommunale bustadpakken som har som mål å få etablert eit større tal bustadar over heile kommunen.

Hotell

Dei nye husværa ved hotellet er på 50 og 70 kvadratmeter. Dei skal byggjast i eit bygg i to høgder.

– Vi har alt starta prosessen og reknar med ei byggjetid på eitt år, seier Elin Stene og Geir Rusten i SHL Eigedom.

Like gledeleg som at det kjem nye husvære, er at hotellet vert pussa opp og gjort klar for ny drift.

– Oppussinga av hotelldelen vil skje parallelt med bygging av dei nye husværa. Vi skal ikkje sjølve driva hotellet, men vil selja det eller leiga det ut til andre. Det er fleire som har meldt interesse for å kjøpa hotelldelen, men først skal vi ha ei stor renovering av bygget, seier Elin Stene.

Hotellet har i dag 48 rom.

Bustadane

– Dei nye bustadane skal bidra til at særleg unge førstegongsetablerarar kan få tilgang til moderne bustadar med gunstige finansieringsordningar, slik at det skal bli lett å etablera seg i Kvinnherad. Vi ønskjer med dette å leggja til rette for at dei som skal bu i kommunen vår, kan koma tidleg inn på bustadmarknaden, seier ordføraren.

Grunnen til at rådmannen og formannskapet har valt Husnes sentrum som første del av bustadpakken, er at det er eit viktig ledd i kommunen sin storsatsing på sentrumsutvikling her. Ordføraren tru at dei nye bustadane vil vera eit løft for Husnes sentrum.

– Å ha bustadar midt i sentrumskjerna vil generera handel og liv i sentrum. Dette er sentrumsutvikling i praksis, og det er svært positivt at bustadpakken vil bety både nybygg og opprusting av eksisterande Husnes hotell, og ei fornying av eksisterande bygg der Posten held til, seier Peder Sjo Slettebø.

Han vedgår at dette kan vera eit risikoprosjekt for kommunen, for det er ikkje sikker at ein vil få leigd ut eller seld alle.

– Men, no får vi dette tilbodet som vi aldri tidlegare har hatt i Kvinnherad, seier ordføraren.

Vedtaket om kjøp av dei 22 bustadane er endeleg og skal ikkje tilbake til ny politisk handsaming.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags