Arbeidsløysa susar oppover

Artikkelen er over 3 år gammel

Kvinnherad har no heile 5,2 prosent arbeidsløyse.

DEL

Arbeidsløysa i Sunnhordland er no den høgste på 20 år. I Kvinnherad er 322 personar utan arbeid, det er åtte meir enn i januar. Samanliknar vi med fjoråret har vi fått 123 fleire personar som ikkje har jobb. Det er stor dominans av menn som ikkje har jobb. Av dei arbeidsledige er det 243 menn og 79 kvinner.

Stord er kommunen med flest personar utan arbeid, der sju prosent ikkje har jobb, totalt 602 personar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags