Må i fengsel for trygdebedrageri

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ein mann i 40-åra frå Kvinnherad blei nyleg dømd til 45 dagar fengsel utan vilkår i Sunnhordland tingrett. Mellom juni og august 2014 leverte han meldekort til Nav der han unnlét å føra opp timar han faktisk hadde jobba. Opplysningane på meldekortet danna grunnlag for automatisk utrekning av dagpengar og medførte at mannen urettmessig fekk utbetalt brutto 180.794 kroner, som medførte tap, eller fare for tap, for Nav.

Retten fann det bevist at mannen har gjort dette med hensikt. Mannen godtok at saka blei avgjort som tilståingsdom.

Av formildande omstende la retten vekt på at Nav har brukt altfor lang tid på behandling av saka etter at det straffbare forholdet blei avdekka. Retten sette derfor straffa til 45 dagar i fengsel utan vilkår – påtalemakta sin påstand var 60 dagar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags