Ønskjer veglys

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

UTÅKER: I eit brev til kommunen ber bebuarane på Ølfernes om at midlar frå den omsøkte innkrevjinga av bompengar på ferjesambandet Utåker–Matre–Skånevik, blir lagde til grunn for oppføring av veglys.

Det blir vist til at det ligg 35 bueiingar – 18 bustadhus og 17 hytter – langs hovudvegen på ei 500 meter lang og svingete strekkje med fleire uoversiktlege sidevegar. Denne strekkja er utan veglys, og mange foreldre er redde for skuleungane som skal stå og gå langs ein mørklagd veg. Om morgonen skjer dette på same tid som det kjem ferjebilar forbi.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags