Dei siste par åra har bydd på ulike utfordringar for Kvinnheradløpet. Koronapandemien førde til at løpet blei avlyst i 2020. I fjor var arrangementet tilbake, men ein kombinasjon av pandemi og anleggsarbeid gjorde at løpsklassen vart droppa.
I år kan endeleg Kvinnheradløpet gjennomførast på heilt vanleg måte, både med trim- og løpsklasse.
– For oss er Kvinnheradløpet haustens store eventyr, og det håpar og trur vi mange av dei trufast deltakarane også meiner. I fjor vart vi råka av aldeles fryktelege vêrmeldingar, men i år tek vi sjansen på å garantera fint vêr, så det er berre å kasta seg med, seier Kåre Eik og Morten Nygård i Rosendal Turnlag Turgruppa i ei pressemelding.
Vel 60 stilte til start i «Åsen rundt» – no har løpet blitt erklært som tradisjon
Samarbeid om løpet
Det fyrste Kvinnheradløpet vart arrangert tilbake i 1982. Grunna avlysinga i 2020, betyr det at 2022 er jubileumsår, i alle fall for trimklassen. Løpsklassen må venta til neste år for å feira 40 år. Men dei som vil springa på tid, får eit tilbod i år også, trass i at verken tribune eller speakerbu er på plass.
Turgruppa i turnlaget har i alle år vore teknisk arrangør for både trim- og løpsklassen, men i år vil dagleg leiar Jonathan Varela Byrkjenes i Rosendal Turnlag og friidrettsgruppa i laget ta seg av løpsklassen.
– Vi er svært glade for dette samarbeidet, både fordi vi då kan konsentrera oss om turdelen, og ikkje minst fordi Jonathan og friidrettsgruppa har god kompetanse på å gjennomføra større løp, noko ikkje minst Rosendalsleikane i sommar stadfesta, fortel Nygård og Eik i pressmeldinga.