Tre tiår med løp i kroppen

Veteranar: Lars Røysland (t.v.) og Kåre Eik i fint driv.

Veteranar: Lars Røysland (t.v.) og Kåre Eik i fint driv.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Lars Røysland og Kåre Eik har begge vore med i arrangørstaben til Kvinnheradløpet i over tretti år. Søndag er dei klare igjen.

DEL

Det første spørsmålet som då dukkar opp, er «kvifor orkar dei?».

– Fordi det er så kjekt å laga til noko som folk set pris på, kjem det frå Røysland.

Han har vore med alle år sidan starten, utanom to, og Kåre Eik kan søndag notera sitt 34. løp i loggen.

– Det er eit «glad-arrangement» på alle måtar, legg Eik til.

Og mykje har forandra seg sidan Ove Huse og Kvinnherad Røde Kors Hjelpekorps tok initiativ til å starta Kvinnheradløpet i 1982:

– Eg hugsar eg hadde ei lang liste med fasttelefonnummer eg skulle ringja for å få folk med som hjelparar. I dag er dette mykje enklare med internett og mobilar, folk er mykje meir tilgjengelege! fortel Eik.

Han og Røysland forklarer at også den nye løypa dei lanserte i fjor har gjort førebuingar og opprydding mykje enklare. Den nye løypa på 5,8 kilometer har også gjort løpet meir kompakt, med meir folk i turløypa samtidig, og fleire folk som samlar seg i målområdet etterpå. Premieutdelinga er også framskunda, slik at folk har meir tid til å gjera andre ting resten av søndagen. Den er også perfekt tilpassa rullestolbrukarar og eldre.

– I tillegg er det veldig gledeleg at løpsklassen har tatt seg kraftig opp etter at vi gjekk ned på løypelengda. I 2013, som var første året med kort løype, hadde det dobla seg til 53 løparar.

Røysland og Eik seier det også har skjedd ei gledeleg endring i alderssamansetjinga dei siste par åra.

– Vi håpar jo at vi kan få tak i dei unge som er med på denne nye internasjonale jogge-«bølgja». Fleire spreke ungdommar bør delta, få seg ei tid, og så sjå om dei klarar å matcha den eller naboen sin neste år. Løypa er dessutan alltid disponibel for trening, slik at dei som vil trena seg opp og testa seg sjølv kan gjera det gjennom heile året.

Også i år får dei som har gått Kvinnheradløpet i fem, ti, 20 og 30 år eit merke som symbol på flott innsats.

– Vi har klart å halda denne statistikken ajour, det er vi stolte over!

Rosendal Turnlag står som hovudarrangør av Kvinnheradløpet, og mange gode hjelparar er med på å ro arrangementet i land. Til dømes er speidargruppa i Rosendal på plass for å selja lappar og kaffi, noko som er grunnlag for heile økonomien til det laget.

Røysland og Eik har altså vore med i styret bak løpet i over tretti år, og innrømmer at det snart er på tide å troppa av.

– Vi har jo tenkt på å gi oss, og då er det viktig at det er lett å ta over arrangementet for nye, yngre krefter som har lyst til å vidareføra det. Grepa som er gjort, blant anna med å korta ned løypa, var eit viktig steg.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags