Kvinnheradløpet i Lars sitt minne

Slik hugsar nok mange Lars Røysland (t.v.), i fint driv gjennom naturen. Her avfotografert saman med Kåre Eik i 2015 (Arkivfoto).

Slik hugsar nok mange Lars Røysland (t.v.), i fint driv gjennom naturen. Her avfotografert saman med Kåre Eik i 2015 (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Når Kvinnheradløpet går av stabelen 7. oktober er det for trettisju-ande gong. I år ynskjer arrangørane at fokus skal vera både på folkehelsa, samstundes som dei heidrar minnet til Lars Røysland.

DEL

Lars Røysland var heilt sentral då Kvinnheradløpet såg dagens lys og vart arrangert for fyrste gong i 1982. Løpet var i starten ein felles innsats mellom Rosendal Turnlag, Røde Kors og Kvinnheringen. Det var Røysland og Kåre Eik som deltok frå turnlaget. Sidan den gong bidrog Røysland tungt i planlegginga og gjennomføringa av løpet kvart einaste år.

I eit intervju med Kvinnheringen i 2015 vart han spurt om kvifor han var med år etter år. Han svarte «fordi det er kjekt å laga til noko som folk set pris på». Dette var eit typisk svar for Lars, som alltid møtte folk med eit smil. Den gongen var han allereie blitt sjuk, men lét ikkje det stoppa seg. Siste året han var med var på å førebu Kvinnheradløpet var i 2016, sjølv om han var for sjuk til å gå løpet sjølv. Røysland stod i kø for organdonasjon då han døydde uventa i fjor haust, berre 61 år gamal.

– Vi ynskjer at Kvinnheradløpet 2018 skal ha fokus på organdonasjon og kvifor organdonasjon er så viktig, seier Kåre Eik i Rosendal Turnlag. Kåre Eik er framleis heilt sentral i arbeidet med få løpet av stabelen, slik han har vore alle dei føregåande 36 åra.

–Lars Røysland var i alle år med på å få løpet av stabelen. Han døydde i fjor, natta etter Kvinnheradløpet. Då hadde han stått mange år i kø for lungetransplantasjon, fortel Kåre Eik.

Fokus på organdonasjon

Frå venstre: Kåre Eik, Tone Høyland, Laila Hovland og Morten Nygård i arrangementskomiteen.

Frå venstre: Kåre Eik, Tone Høyland, Laila Hovland og Morten Nygård i arrangementskomiteen.

Arrangørane tykkjer det er heilt naturleg å både minnast Lars Røysland og ha fokus på organdonasjon i år.

– Vi vil spreia bodskapen om kva organdonasjon er, og ikkje minst korleis ein kan bli organdonor, forklarar Morten Nygård.

Laila Hovland fortel at dersom ein ynskjer å vera organdonor, så er det veldig viktig at ein informerer sine nærmaste om at det er dette ein vil.

– Dersom eg kjem i ein slik situasjon at eg kan bli donor, så er eg jo bevisstlaus og kan ikkje seia frå om at eg vil bli donor, seier Laila Hovland. Det er ikkje nok å fylla ut eit organdonorkort, fordi det alltid er dei pårørande som har siste ordet. Det kan likevel vera greitt å ha eit slikt kort, så er dei rundt deg klar over standpunktet ditt.

– Det finst ikkje noko nasjonalt donorregister, seier Nygård.

– Det stemmer, så derfor må ein snakka med sine næraste, oppmodar Hovland.

«Lars Røysland si minnegåve»

På Rosendal stadion vil arrangørane 7. oktober dela ut informasjonsmateriell om organdonasjon, ha med kort til interesserte og svara på ein del spørsmål kring dette. Dei siste åra har Kvinnheradløpet hatt eit stort trefat som Knut Rise har laga og som har blitt trekt ut som premie i løpsklassen. I år skal fatet bli trekt ut blant alle som deltar i løpet, uansett klasse.

– Uoffisielt kallar vi dette «Lars Røysland si minnegåve» i år, fortel Nygård.

På spørsmål om kva Lars Røysland har betydd for Kvinnheradløpet fortel Morten Nygård at det er veldig mange som har lagt ned ein stor innsats for løpet gjennom mange år, og såleis skal ha æra for at løpet eksisterer framleis.

– Lars er blant dei som absolutt har gjort mest for løpet, og han har vore med heile tida, avsluttar Nygård.

– Vi minnast han i Kvinnheradløpet i år.

Desse skal ha merke i år:

Foto:

Foto:

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags