Kvinnhering smitta av korona-virus

Kommuneoverlege Glenn André Opland. (Arkivfoto).

Kommuneoverlege Glenn André Opland. (Arkivfoto).

DEL

– Eg kan bekrefta at vi har fått eitt bekrefta tilfelle av korona-smitte i kommunen, ja, seier kommuneoverlege Glenn André Opland til Kvinnheringen når vi ringer for å spørja om smittestatusen for Kvinnherad.

Han vil ikkje seia mykje meir, men fortel at kvinnheringen som er smitta har vore i heimekarantene, og at vedkommande sat i karantene i samband med smittesporing. Vedkommande har no altså fått påvist korona-viruset.

– Dette er ikkje dramatisk, og det er ingen grunn til panikk. Dei nødvendige smittesporingane er gjort. Eg oppmodar igjen folk om å ha god hand- og hostehygiene, seier Opland.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken