Saman med eigaren vår Amedia, og Sparebankstiftelsen DNB, deler Kvinnheringen ut til saman 150.000 kroner til foreiningar og organisasjonar i området vårt. Dette er fjerde året på rad Kvinnheringen har denne gåveutdelinga.

I alle desse åra har vi fått inn mange søknadar, og det håpar vi skjer i år òg.

– Vi heiar på alle dei flotte, lokale laga og foreiningane vi har i Kvinnherad, og folka som gjer ein stor innsats for å skapa gode tilbod og aktivitetar for barn og unge, seier redaktør Mona Grønningen.

Pengestøtta frå Kvinnheringen er ein del av ei ordning som omfattar lokalaviser over heile landet som er eigde av Amedia-konsernet. Til saman skal det delast ut 25 millionar kroner i støtte til opne aktivitets- og fritidstilbod og annan ideell verksemd i regi av lokale lag og foreiningar i dei kommunane som avisene dekker.

– Vi ønskjer å vera ei viktig og positiv kraft i utviklinga av det som skjer i vårt område. Dei siste åra har vi fått gode tilbakemeldingar frå dei som har fått støtte, og det er kjekt å sjå prosjekt etter prosjekt bli realisert, seier Grønningen.

Nedst i saka kan sjå tiltaka som har fått støtte tidlegare år.

Slik søkjer du

Utdelinga skjer i samarbeid med Sparebankstiftelsen DNB. Utlysinga av 25 millionar kroner i støtte skjer i tråd med formålet til Amediastiftelsen: «Eige norske aviser og tilknytt verksemd. Verksemd som er eigd skal drivast på forretningsmessig grunnlag. Stiftinga kan bruka av overskotet sitt til å gi bidrag til allmennyttige formål.»

Søknader kan berre sendast gjennom denne søknadsportalen: amedia.no/soknad

Søknadsfristen er 1. mars.

Deretter skal ein lokal tildelingskomite bestemma kva tiltak som skal tildelast støtte.

Dette er medlemmene i juryen i år:

Mona Grønningen, redaktør og dagleg leiar i Kvinnheringen

Cassandra Grundtvig Jespersen, journalist i Kvinnheringen

Marius Tveit Nissestad, journalist i Kvinnheringen

Morten Vevatne, rektor på Kvinnherad vidaregåande skule

Kunngjeringa av kven som får støtte skjer 15. mai.