Førre helg gjorde Amcar Kvinnherad braksuksess med bilfesten dei arrangerte på Opsangervegen. Eit folkehav samla seg for å sjå folk konkurrera ein mot ein i såkalla «drag race».
Kommande helg er det igjen venta liv og røra når Husnesdagane og Omstock-festivalen går av stabelen. Og årets program bognar over av ulike godbitar.
Laurdag kjem danske Claus Pilgaard med chilishowet sitt. Chilismakinga hans på TV og internett, der han får kjente personar til å smaka på sterk chili, har millionar av sjåarar.
Våghalsen skal utfordra kvinnheringar til å prøva seg på dei mildt sagt sterke smaksprøvane. Det blir mellom anna duell mellom avisrivalane Kvinnheringen og Grenda.
– Det blir nokre heftige duellar, det trur eg vi kan garantera. Mange ønsker å prøva, og no i ettermiddag skal vi trekka ut dei som får vera med. Chili Klaus kjem med eit bil-lass, så eg trur det skal vera nok chili. Men dette er ikkje for alle, ein bør iallfall ha sterk mage og sterk gane, for ein vil nok kjenna ettereffekten i nokre timar etterpå. Det kan bli interessant for oss som skal stå og jobba dugnad resten av dagen, seier Kent Are Kjørsvik Petterson til Kvinnheringen onsdag.
- Sjå chili-showet direkte på Kvinnheringen.no frå klokka 12.30 laurdag! (+)
Kvinnheringen sender direkte frå chili-konkurransen
Fredag er det ulike stands og grilling på torgplassen frå føremiddagen av. Dei unge kan mellom anna få ansiktsmåling, gå på minitivoli eller ta sentertoget.
Desse skal spela på Lambasleppet på fredag
På kvelden «kickstartar» ein årets Omstock-festival med Lambasleppet. Lambasleppet er i år blitt eit samarbeid mellom Omstock og Festidalen. Scenen blir sett opp ved Gry Helges Bar & Restaurant.
Laurdagen startar med sjørøvar-show på torgplassen. Vidare leiar Arne Torget jubileumsfesten for Kvinnherad Energi, som markerer sine 100 år. Det blir underhaldning, konkurransar og premiar, ifølgje arrangøren. Det blir også ny runde med ansiktsmåling, minitivoli og sentertog.
Desse spelar under Omstock 2019
Fredag:
Jon Hjørnevik & Dagfinn Iversen
Divin`Ducks
Peanøtthjerneforbundet
Greenland Whalefishers
Laurdag:
Kriminell Kunst
Nazareth
Vinni
Vivillain
Bon Giovi
Les meir om Omstock-programmet her!