Påskeharen har til saman gøymt 5 egg, eitt for kvar dag i påsken (Skjærtorsdag, langfredag, påskeaftan, første påskedag og andre påskedag).
Viss du klarer å sjå kor påskeharen har vore i dag, skjærtorsdag, må du ut og leita etter eit kvitt påskeegg med Kvinnheringen-logo på. Her er det førstemann til mølla!
Når du har funne egget må du ta bilde av deg sjølv med egget, og senda beviset til oss i Kvinnheringen på e-post.
(Instruksjonane står også inni egget).
Egget kan så bytast inn i ein fin premie beståande av påskesnop, brus og eit Kvinnheringen-krus.
Lukke til i jakta!