Det betyr at du denne sesongen får moglegheita til å sjå langrenn på Kvinnheringen.no, og Amedia sine andre aviser.

– Langrenn er Norges viktigaste vinteridrett, målt i publikumsinteresse. Equinor Norgescup samlar både nokon av landets beste utøvarar og ei stor breidde av løparar frå heile landet. For oss, som er den største utgjevaren av redaktørstyrte mediar med over hundre titlar frå nord til sør, inneber avtalen at vi no kan tilby enno meir godt og spennande sportsinnhald til våre abonnentar, seier direktør for sportsutvikling Helge Birkelund i Amedia i ei pressemelding.

Sendingane vil vera tilgjengelege i Amedia sin plattform Direktesport.

Fredag

Startskotet går allereie fredag med sprint frå Gålå. Her vil kjende namn som Didrik Tønseth og Sjur Røthe vera å sjå på startstreken.

– Det er veldig bra for ski-Norge at vi får vist desse renna direkte gjennom Amedia sitt distribusjonsnettverk over heile landet. I Equinor Norgescup, junior-NM og Hovudlandsrennet får vi vist fram våre aller beste skiløparar, breidda i ski-Norge og ikkje minst morgondagens heltar, seier ein nøgd langrennssjef Espen Bjervig i Norges skiforbund i pressemeldinga.