Forseinka aviser

DEL

I dag blir Kvinnheringen kraftig forseinka til abonnentane.

Dei som køyrer avisene for Kvinnheringen opplyser at utkøyringa kan bli mellom fem og seks timar for sein. Årsaka til det er at nattferja mellom Årsnes og Gjermundshamn vart innstilt grunna tekniske problem i natt. Det er den ferja avisene eigentleg kjem med, men no kom ikkje avisene til Årsnes før på morgonkvisten i dag.

Manglar og aviser

Vi har og fått melding om at det kan mangla ein del aviser i dag. Det skal ha kome 300 for få aviser til Rosendal og vi manglar også aviser på Valen. Det blir arbeidd med å finna ut kvar desse avisene kan ha hamna.

SISTE:

Like etter klokka 10 melder Schibsted at 1.800 aviser er forsvunne i det blå. Kl. 12 begynner ein derfor å trykka 1000 nye eksemplar på Stord. Dei fleste skal vera ute til kl. 15, lovar Schibsted.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags