Bli med på laget som skal utvikla Kvinnheringen!

DEL

Annonse:

Vi søkjer

NYHENDEJOURNALIST + FERIEVIKAR + FRILANSARAR

Kvinnheringen søkjer ein nyhendejournalist som både kan laga dei kjappe nyhendesakene og som også kan gå meir i djupna på enkelte felt. Du skal vera med på å utvikla produkta våre og vidareutvikla redaksjonen. Det skal skje gjennom journalistisk teft, solid fagkunnskap, stort engasjement, høgt tempo og i godt samarbeid med organisasjonen. Du vil inngå i turnusen vår og få jobba med redigering av nettavisa.

I Kvinnheringen forventar vi at du har digital kompetanse og er interessert i å vidareutvikla denne.

Vi søkjer deg som:

* Er oppteken av å utvikla journalistikken og produkta

* Er svolten, idérik og jaktar på dei gode historiene

* Brenn for lokalsamfunnet og lokaljournalistikken

* Fortel historiene ved å utnytta digitale virkemiddel

* Er god på både tekst, foto og video

* Likar å ta ansvar, jobba sjølvstendig og vera kreativ

* Veit kva som er ei god nyhendesak, og som raskt finn dei beste nyhendepoenga

* Er ein lagspelar som evnar å tenka strategisk

* Skriv nynorsk

Vi legg vekt på journalistisk utdanning og relevant erfaring. Du må òg ha førarkort for bil.

Sommarvikar:

Vi treng journalistvikar i redaksjonen frå slutten av juni til midten av august.

Frilansarar:

Likar du å skriva? Har du eit felt du er spesielt interessert i? Frå tid til anna har vi behov for ulike artiklar og reportasjar, og personar som kan jobba for oss i helger og på ettermiddag/kveldstid.

Søknadsfrist for alle stillingane er 15. februar.

Har du ikkje erfaring frå alle dei nemnde områda, men er nysgjerrig og har eit ønske om å utvikla deg digitalt, håpar vi likevel du vil senda oss ein søknad. Du kan òg kontakta oss om du har spørsmål om stillinga.


Redaktør Mona Grønningen

mona@kvinnheringen.no

Tlf: 99224355


Tillitsvald i redaksjonen Jonn Karl Sætre

jonn.karl@kvinnheringen.no

Tlf: 99520861

Artikkeltags