Nytt ansikt i Kvinnheringen

KLAR: I januar og februar praktiserer unge Karen Anna Kleppe som journalist i Kvinnheringen. Ho gler seg! (Foto: Mona Grønningen).

KLAR: I januar og februar praktiserer unge Karen Anna Kleppe som journalist i Kvinnheringen. Ho gler seg! (Foto: Mona Grønningen).

Karen Anna Kleppe (21) skal vera i praksis som journalist dei neste to månadene.

DEL

– Eg gler meg til å bli kjent med kommunen på ein ny måte, kommenterer den blide ungdomen frå Sandvoll.

Karen Anna følgjer journalistopplæringa til Nynorsk avissenter i Førde, det som sjølv kallar seg «Norges mest effektive opplæring i avisjournalistikk», og som er tufta på prinsippet «learning by doing». Med økonomisk støtte frå mellom andre Kulturdepartementet, Amedia og Firda Media, får rundt 10 studentar denne journalistopplæringa kvart år. Basen er i avisa Firda i Førde. Kurset startar med knappe to vekers teoretisk opplæring, før det ber på hovudet ut i det verkelege journalistlivet, nærare bestemt fire månader i avisa Firda. Deretter følgjer to månaders praksis i sjølvvald avis – og her er det Kvinnheringen kjem inn i bildet for Karen Anna sin del.

– Eg har hatt det utruleg fint i Førde. God opplæring, mange kjekke folk og opplevingar og ein utruleg fin natur. Eg kom dit frå Oslo og må innrømma at eg var noko skeptisk til eit opphald i det som er blitt kalla «Norges styggaste by». Men all skepsis er gjort til skamme. No er eg rett og slett blitt forelska i Sogn og Fjordane, fortel ho entusiastisk.

Mineryddar og kaffikokar

Etter avslutta eksamen på KVV våren 2015, avtente Karen Anna førstegongsteneste i Hæren i Skjold i Indre Troms. Her var ho éi av sju jenter blant 90 soldatar i eit ingeniørkompani.

– Kva gjorde du?

– Vi dreiv med minerydding og lærte mykje om kjemiske våpen og mobilitet. Utruleg spennande og kjekt, fortel ho frå det karslege miljøet i Hæren.

Då året i kongens klede var omme, sette ho kursen for hovudstaden for å jobba for bror sin, barista Einar Kleppe Holthe. Det gav henne eit år som kaffikokar og bartender på «Fuglen kaffebar» og «Vingen Bar».

– Eit kjekt år, men det var journalist eg ville bli, så eg måtte koma meg vidare, forklarer ho.

Dermed søkte ho om å bli praktikant for Nynorsk avissenter, passerte nålauga og gjekk i gang. Berre to månader i Kvinnheringen står att før ho er ferdig.

Nye blikk         

– Kvifor journalist?

– Eg likar å skriva og leika med ord. Men endå viktigare er lysta til å bli kjent med samfunnet på ein ny måte, og det å stadig møta nye menneske og situasjonar. I tillegg må eg bruka hovudet for å kunna laga gode saker. Alt dette gler eg meg til, vedgår den unge journalisten.

Karen Anna har ikkje tenkt å gi seg med skulegang.

– Håpet akkurat no er å få ein fast jobb i ei god avis ein stad, men seinare tar eg sikte på å vidareutdanna meg for å få større tyngde som journalist. Det kan bli samanliknande politikk eller noko anna spennande, fortel ho.

– Kvifor valde du å praktisera i Kvinnheringen?

– Fordi det er ei god avis på heimstaden min. Eg ser fram til to månader her.

– Har du noko du vil seia til lesarane våre?

– Det må i så fall vera ei oppmoding om å gi meg tips. Eg er klar for å skriva!

Artikkeltags