For fjerde året på rad stemte deltakarane på landsmøtet i Landslaget for lokalaviser fram Kvinnheringen som vinnar av årets lokalavisside.

Ein jury hadde plukka ut fem bidrag deltakarane på landsmøtet kunne røysta på. Kvinnheringen var nominert og vann for fjerde året på rad. Denne gongen for ei sak om ungdommar som «logga av», skriven av Mona Grønningen.

Grafikar Vidar Håland som laga sidene er utruleg glad for prisen.

– Det er så kjekt å jobba med ein redaksjon som verdset det visuelle i visuell i kommunikasjon, og som tør å gjera noko litt annleis.

– Kvifor har Kvinnheringen vunne fire år på rad?

– Vi ønskjer at dei gode sakene skal ha ein god leseverdi og vera fint presentert og har nok lukkast med det.

Vår gode naboavis Sunnhordland vart kåra til Årets lokalavis.

Grunngjeving årets lokalavisside

«Faste avislesarar vil nok gjerne lesa om korleis det gjekk med dei unge som skulle «logga av ei veke». Ein tittel som passar vår tid, fargerik og kreativ typografi, luft, rundt tekst, og ein bodskap som blir gjort tydleg med designet, gjer desse avissidene meir tydelege enn mange andre».