Etter 12 år i Oslo har Marie flytta heim til Rosendal og er no busett i Skeishagen. I Oslo jobba ho 12 år i Utlendingsdirektoratet, hovudsakleg som saksbehandlar, men òg med å utvikla og betra kommunikasjonen med dei som kontaktar UDI. Men til slutt vart det nok kontor og for lite vestlandsklima:
– Eg sakna regnet og skarre-r-en, slår Marie fast og fortel at ho av og til spelte av lyden av regn når lengten etter Vestlandet kom over henne.
I tillegg har ho òg lengta etter ein jobb der ein er tettare på folk.
– Eg har alltid hatt lyst til å vera lokalavisjournalist, for meg er det eit kinderegg: Snakka med folk, skriva og køyra bil, smiler Marie.
Før jobben i Oslo, studerte ho ved Universitetet i Bergen. Mellom anna samanliknande politikk og russisk.
Prosjektstillinga i Kvinnheringen, med vekt på å auka stofftilfanget frå indre luten, Hatlestrand og Ølve, gjer at Marie sjølvsagt er svært interessert i tips om saker frå området.
– Etter å ha budd vekke frå kommunen sidan vidaregåande skule, er eg nyfiken på om Kvinnherad er som før. Heldigvis har folketalet halde seg stabilt og eg synest det er kjekt å sjå at busetnaden rundt om i bygdene framleis er ganske stabil, seier Marie.
– Åra i Oslo var fantastisk lærerike, men det er veldig kjekt å koma heim igjen, smiler den nye journalisten.