Dette kjem fram i ei pressemelding.

Det er elevar på VG1 og VG2 Helse og oppvekst på Kvinnherad vidaregåande skule som tilbyr «hjelp til sjølvhjelp», og folk kan derfor ta med seg datamaskina, nettbrettet eller telefonen for å få kyndig hjelp til dei dei lurer på.

Grunna stor pågang ved førre data- og telefon-treff ønskjer ein at dei som vil nytta seg av tilbodet melder seg på til frivilligsentralen. For at alle skal få god hjelp vil det vera avgrensa med plassar.

«Sjølvhjelpsgruppa» vil ha treff følgjande onsdagar framover, på føremiddagen: 30. januar, 6. februar og 13. februar.

Det vil også bli treff på desse torsdagane på føremiddagen:

21. februar, 7. mars, 14. mars, 21. mars, 28. mars, 4. april, 11. april og 25. april.