Solobservatoriet vil overvaka meteor-aktivitet frå KVV

Meteorar på himmelen er fascinerande for mange, og no får Kvinnherad vidaregåande skule vera med på eit svært spennande pro-sjekt med Solobservatoriet. (Illustrasjonsbilde: Lars Martin Teigen).

Meteorar på himmelen er fascinerande for mange, og no får Kvinnherad vidaregåande skule vera med på eit svært spennande pro-sjekt med Solobservatoriet. (Illustrasjonsbilde: Lars Martin Teigen).

Artikkelen er over 2 år gammel

For nokre veker sidan fekk Kvinnherad vidaregåande skule ein svært spennande telefon frå Solobservatoriet. Dei vil setja opp kamera på skulen for å døgnovervaka meteoraktiviteten på himmelen.

DEL

Astronom Vegard Lundby Rekaa ved Solobservatoriet kan fortelja om det spennande prosjektet:

– Vi driv no og byggjer ut eit nettverk med ulike stasjonar, og ønskjer å etablera ein slik stasjon i Kvinnherad. Nettverket består av fleire kamerastasjonar rundt om i landet, som gir ei døgnovervaking av meteoraktivitet. Vi ser etter steinar som dett ned frå verdsrommet, og ønskjer å kartleggja dei, fortel Rekaa.

Solobservatoriet er allereie godt i gang med etableringa av dette nettverket, og har sett opp tre stasjonar på Austlandet, og éin i Kristiansand.

– Vi ønskjer oss også ein stasjon vestpå, og Kvinnherad ligg godt til i forhold til dei andre stasjonane våre. Det fine med KVV er at det ikkje er så mange åsar og fjell rundt skulen, som gir ein grei, låg horisont mot aust, samtidig som du har litt skjerming mot vêr som kjem vestfrå fordi skulen ikkje ligg på den ytste øya i kommunen. Skulen har ei føremålstenleg nord-sør-plassering i forhold til dei andre posisjonane, forklarar Rekaa.

Solobservatoriet vil plassera ein «rigg» med fire overvakingskamera på taket på KVV, som skal kommunisera med dei andre kamerastasjonane, og gi automatisk rapportering.

– Vi ønskjer å kartlegga fleire ting: Kva som dett ned på bakken, omfang og storleik, men viktigast av alt – finna ut i kva område meteoritten var i då den lyste i atmosfæren.

Gode for KVV

Solobservatoriet har søkt Sparebankstiftelsen DNB om midlar til nett-verksprosjektet, og har fått innvilga søknaden. Ein slik kamerarigg som dei vil setja opp på KVV kostar rundt 40.000 kroner.

– No er det berre spørsmål om kva tid vi får høve til å dra til Kvinnherad og setja opp kamerariggen, skulen har vore svært positiv. Det er eit stort ønskje for oss å gjera alle data vi samlar tilgjengeleg for alle, slik at elevane på KVV kan bruka resultata i undervisning, til dømes. Dette blir eit samarbeid. Vi er også del av Norsk meteornettverk, som vil vera med på å gjera resultata tilgjengeleg for alle som er interesserte i verdsrommet, seier Rekaa.

Han fortel at meteoraktiviteten er høg, og at det rundt rekna kjem ein meteor om dagen.

– På det meste, under meteorsvermar, kan vi sjå 100 om dagen. Men det er kanskje berre éin meteor i året som er ein tydeleg «nedfallskandidat» og som det er stor sjans for at landar og blir ein meteoritt. Det skal bli spennande å sjå kva resultat vi finn ved KVV på Husnes, seier astronomen ivrig.

– Nyttig

Rektor ved KVV, Audun Bjelland, seier skulen er heldig som får vera med på dette prosjektet:

– Himmelen og verdsrommet over oss er ein sfære for observasjon, undring og ofte dei store spørsmåla. Eg er sikker på at kamerariggen som vi får på skuletaket vil gje både elevar og alle andre interesserte mykje spennande informasjon om det som skjer over oss. Det er utruleg kjekt at Solobservatoriet har invitert oss med på dette. Eg er sikker på at det blir nyttig og bra for alle partar! seier han til Kvinnheringen.

Solobservatoriet:

Solobservatoriet på Harestua i Lunner kommune i Oppland og er Norges største astronomiske anlegg. Det er mellom anna utstyrt med eitt av verdas største solteleskop i eit 20 meter høgt tårn. Frå 1987 har Solobservatoriet vore eit kurs- og opplysningssenter for skuleverket og anna publikum.

Vegard Lundby Rekaa er astronom og står for astronomiundervisninga for vidaregåande skular, studentar og vaksne. Han har lang undervisningserfaring og ein doktorgrad i plasma-, astro- og romfysikk frå Universitet i Oslo. Vegard har jobba ved Solobservatoriet sidan 2006.

Meteorar og meteorittar:

Meteorar er lekamar av stein eller jern frå verdsrommet som kjem inn i jorda sin atmosfære som lysande kuler. Dei som «overlever» passasjen og fell ned på jordoverflata, blir kalla meteorittar.

Opphavet til meteorittane er frå vårt eige solsystem, og med nokre få unnatak, kjem alle frå asteroidebeltet mellom Mars og Jupiter. Meteorar finst i alle storleikar, sjølv om dei aller fleste er små frå nokre få til nokre hundre gram. Desse brenn opp i atmosfæren og synleggjer seg for oss som raske «stjerneskot» i mørket. Nokre gonger blir lyssterke meteorar observerte, og nokre så sterke at dei lyser midt på dagen. Då blir dei kalla eldkuler, og sjansen for å bli meteorittar er langt større. Om dei «overlever» passasjen gjennom atmosfæren er avhengig av storleik, retning, vinkel og farten dei har.

Norsk meteornettverk:

Norsk meteornettverk samlar inn og tilgjengeleggjer observasjonar av eldkuler, og organiserer eit aktivt nettverk for overvaking av himmelen med døgnkontinuerlege kameraobservasjonar. Nettverket jobbar for at alle norske meteoritter får ein open og vitskapeleg behandling, og blir gjort tilgjengelege for forsking og formidling. Målet er at Naturhistorisk museum, eller tilsvarande vitskaplege institusjonar i Norge, har førsteretten på å erverva meteorittar frå finnarar.

Artikkeltags