– Det er vi som er framtida

Då Tordis Alme (18) skulle stemma for aller første gong, var skuledebatten til god hjelp. – Det er viktig at me får fram meiningane våre, fortel ho.

Då Tordis Alme (18) skulle stemma for aller første gong, var skuledebatten til god hjelp. – Det er viktig at me får fram meiningane våre, fortel ho.

Elevane ved KVV fekk tysdag eit første møte med valurna. For dei aller fleste blei det eit vanskeleg val.

DEL


I regi av KVV var det tysdag duka for skuleval, og éin etter éin fekk klassane komma inn i «valrommet» for å gje frå seg si stemma.

Skulevalet var ope for alle elevane, uavhengig av årskull. Representantar frå fylket hadde derimot med seg ei vaskeekte valurne. Elevane over 18 år kunne dermed stemma i kommunevalet for aller første gong.

Det ekte valet gjekk føre seg i kantina seinare same dag.

– I norsktimane har klassane lært om demokratiet, og kor viktig det er å delta i dette. Så har dei vore innom dei ulike partia, sa valansvarleg for KVV, Dag Sigurd Gregersen, og la til:

– Lærarar og dei tilsette ved biblioteket på skulen har svart på alle spørsmål elevane måtte ha fram mot valdagen.

Valfunksjonærar

Liv Helen Hauso (18), May Beate Brakstad (16) og Thea Huse (17), hadde fått jobben som valfunksjonærar, og skulle passa på at valet gjekk rett føre seg.

– Vi kryssar av namn og sjekkar at dei berre har éin valsetel når dei kjem fram til urna, smilte jentene.

Også valfunksjonærar skal stemma, men dei tre syntest det var vanskeleg å bestemma seg for eit parti.

– Det var ikkje enkelt, men eg har tatt mange valgomatar på nettet, og dei var med på å gje meg ein peikepinn, fortalde May Beate, og fortsett:

– Eg landa på Senterpartiet. Det var visst dei eg var mest einige med.

Dei to andre valfunksjonærane ville venta litt til før dei tok det store valet. Men at alle måtte nytta seg av stemmeretta si, var det ikkje noko tvil om:

– Det er jo vi som er framtida, sa dei samstemde.

Skuledebatten hjelpte

For dei aller fleste ungdommane var det eit vanskeleg val, som dei ikkje ville forhasta. For Tordis Alme (18) var det måndagens skuledebatt i kinosalen på Husnes som var avgjerande for å finna det rette partiet å stemma på. Både ved skulevalet og det ordinære kommunevalet.

– Debatten var til god hjelp, og gjorde valet enkelt, fortalde ho, før ho la til:

– Kva eg har stemt vil eg halda for meg sjølv, men eg kan seie at eg fant nokon som eg var einig i, både når det kjem til skulepolitikken og eit meir rettferdig samfunn!

Også Aurora Nes (18) nytta debatten til å finna ut kva ho skulle stemma:

– Etter skuledebatten stod det mellom anten Senterpartiet eller Arbeidarpartiet. Men eg landa på sistnemnde, smilte ho.

– Kva var det med Ap som fekk deg til å stemma på dei?

– Eg meiner dei står for gode ting som eg kan vera einig i. Dei ser ting frå ungdommen sitt perspektiv, og spesielt når det kjem til problematikken rundt fråværsgrensa, argumenterte Aurora.

Vidare ville ho understreka at det var viktig dei unge deltok i valet:

– Det er jo trass alt vi som skal ta over ein gong i framtida, avslutta ho.

Artikkeltags