Elevar i vidaregåande skular fekk nyleg høyra fagfolk fortelja om livet i Hardangerfjorden.

«Hardangerfjordseminaret Ung» heiter seminaret i Norheimsund, der 135 elevar frå fem vidaregåande skular deltok. Dette er fjerde året seminaret vert arrangert. Bak står biologilærarane Kjersti Holmedal og Aina Solberg frå KVV, saman med Sven-Helge Pedersen frå Hardangerfjord Villfisklag og Frode Strønen, også han frå fiskefagmiljøet. Elevane kom frå programfaga biologi, akvakultur og naturbruk på dei vidaregåande skulane Kvinnherad, Voss, Øystese, Framnes og Fusa.


Meir enn vatn

Dagen starta med fleire føredrag på Hotel Sandven i Norheimsund. Havforskar og kvinnhering Øystein Skaala opna seminaret med føredraget «Havet er meir enn vatn», før han gav ordet vidare til andre forskarar frå same instituttet, dessutan til museumsdirektør Randi Bårtvedt frå Hardanger og Voss museum. Ho snakka om kva laksen i elvane har betydd for reiselivet i Hardanger. Svein Sundby tok føre seg miljøet i fjorden med vekt på straumar, medan Leif Nøttestad konsentrerte føredraget sitt om spekkhoggarane, som det har vore mange av i fjorden den siste tida.

– All ros til dei kjempeflinke fagfolka som hadde evna til å gjera alle desse temaa interessante og kjekke å høyra på. Eg trur elevane lærte mykje, og det same gjorde vi biologilærarane, skryter Kjersti Holmedal frå arrangørsida.


Meir i vente

Etter lunsj var det endå meir å læra, no i form av øvingar på fire ulike «stasjonar» på Fartøyvernsenteret like ved. Den eine var ein luselabb med Lakselussenteret ved UiB som vertsskap. På neste stasjon venta Terje van der Meeren frå Havforskningsinstituttet og kunnskapar om fiskeanatomi. Korleis ser fisken ut inni, og kva funksjonar har dei ulike delane, var spørsmål det var råd å få svar på her.

– Dette med fiskeanatomi er noko vi skal halda fram med på skulen vår, då det er ein del av pensumet i biologi. Vi har fått hand om ein god del fisk som skal dissekerast for formålet, fortel Holmedal.

Den tredje stasjonen på Fartøyvernsenteret var bemanna med folk frå Hardangerfjord Villfisklag og fiskeforvaltar Gry Walle frå Fylkesmannen i Hordaland. Her dreidde det seg om den mykje omtala Genbanken for sjøaure og villaks, som no regjeringa endeleg har bestemt seg for å oppretthalda.

På den fjerde stasjonen kunne elevane slappa av med filmen «Fjordens liv», som er den same som blir vist i Folgefonnsenteret.

– Alt i alt ein lærerik og spennande dag. Håpet er at elevane, i tillegg til å ha tileigna seg ny kunnskap, skal få nokre idear til yrkesvalet dei står framfor. Dei har godt av å koma seg litt ut av klasserommet, og dei er heldige som får vera så tett på fagmiljøet. Dagen og arrangementet var krevjande, men vel verd jobben, avsluttar biologilærar Kjersti Holmedal.