Vinn-vinn-prosjekt på KVV: Kulturkafé i klasserommet

SAMTALE: F.v. Mahmoud Mohammed, Aireen Villaber Engco og KVV-elevane Kristiane Olderkjær og Miriam Hasan.

SAMTALE: F.v. Mahmoud Mohammed, Aireen Villaber Engco og KVV-elevane Kristiane Olderkjær og Miriam Hasan.

Tysdag var det kulturell utveksling mellom KVV-elevar og elevar ved vaksenopplæringa.

DEL

To KVV-klassar (VG2 og VG3) som har faget sosiologi og sosialantropologi, fekk tysdag møta elevar frå vaksenopplæringa. Tema var kultur og kulturforståing, og då passa det godt å få eit besøk der mange nasjonalitetar, kulturar og religionar representerte.

Det var første gongen KVV arrangerte denne type «speeddating», og initiativet kom frå lærar Anette Gregersen som saman med lærarkollega Mari Teigen Varanes stod for opplegget.

Kvinnheringen snakka først litt med to av VG3-elevane; Kristiane Olderkjær (18) og Miriam Hasan (18), og lurte på korleis dei hadde førebudd seg.

– I førre time jobba vi med å førebu tema å ta opp. Til dømes snakka vi om å bruka opne spørsmål, for å unngå å koma inn på private ting som kan vera ubehagelege å snakka om, forklarte Kristiane.

Både Kristiane og Miriam likar faget sosiologi og sosialantropologi såpass godt at dei kan tenkja seg å studera vidare på universitetsnivå.

Nyttig

Så dukka dei første bordgjestene opp; Mahmoud Mohammed (45), opphavleg frå Syria, no busett i Uskedal og med totalt tre år i Norge. Aireen Villaber Engco (41). Opphavleg frå Filippinane, no busett i Rosendal, om lag to år i Norge. Dei fire kom raskt i prat. Først litt om vêr- og klimaforskjellar, etter kvart litt om bakgrunn.

– Er det slik at nordmenn kan opplevast som kalde, beskjedne og litt vanskelege å koma i kontakt med? undra Kristiane.

– Eg opplevde det ikkje slik, svarte fembarnsfaren Mahmoud, og heldt fram:

– For ungane mine var det litt vanskeleg heilt i starten. Men etter eit par månader gjekk det betre, og dei lærte seg norsk raskt.

Etter at KVV-elevane hadde spurt ein del først, kvitterte elevane frå vaksenopplæringa med sine spørsmål. Mahmoud spurte mellom anna om korleis det er å vera elev ved KVV. Praten gjekk livleg ved alle borda, og det såg ut til at alle likte opplegget.

– Var dette nyttig? spurte vi Mahmoud og Aireen.

– Ja, elevane er interessante å snakka med, smilte Arieen.

– Absolutt! Ikkje minst er det viktig å læra norsk, då må vi snakka med andre, understreka ein like blid Mahmoud.

Lærar ved vaksenopplæringa, Thor Inge Døssland, rosa KVV for initiativet:

– Det er viktig å koma seg ut og praktisera norsk, visa fjeset sitt, bli litt kjend med nye folk, og som ein bonus får ein kanskje eit hei når ein møter ungdomane igjen ein annan dag.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken