Spennande kunstteater for KVV-elevar

Transiteatret-Bergen hadde to tøffe framsyningar i Husneshallen, som var ein kombinasjon av musikk, lys, skodespel med meir.

Transiteatret-Bergen hadde to tøffe framsyningar i Husneshallen, som var ein kombinasjon av musikk, lys, skodespel med meir.

Artikkelen er over 4 år gammel

Transitteatret-Bergen kom torsdag til Kvinnherad vidaregåande skule med framsyninga «U-DUB til ungdomen – unntakstilstanden», og hadde to visningar av den i Husneshallen.

DEL

Elevane blei plassert på benker rundt eit rektangulært sceneområde, og artistane i framsyninga var ikledd kvite drakter. Framsyninga var ei blanding av rom, lyd og musikk, lys, filmsnuttar og skodespel. Tranisiteatret skriv følgjande om framsyninga:

«Unntakstilstanden skildrar situasjonar kor normale lover og reglar er sett ut av spel, gjerne grunna ein plutseleg katastrofe eller uventa hending. I unntakstilstandar finn ein seg i ein tilspissa situasjon der val må takast og blir grunngjeve av kvar og ein for seg – uavhengig av tidlegare normer og reglar.»

I fare for å bomma totalt lar underteikna tolkinga av stykket bli opp til ungdommane som fekk sjå framsyninga, men det vi er ganske sikre på, er at dei ikkje har sett noko liknande tidlegare.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags