Politiet åtvarar: – Alt er ikkje lov sjølv om ein er russ

Politiførstebetjent Torgeir Fosse oppfordra ungdommen til å oppføra seg fornuftig. – Dumme ting få følgjer for resten av livet, sa han.

Politiførstebetjent Torgeir Fosse oppfordra ungdommen til å oppføra seg fornuftig. – Dumme ting få følgjer for resten av livet, sa han. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Det sa Torgeir Fosse under det årlege føredraget politiet og Statens vegvesen har for russen.

DEL

Tysdag fekk russen ved KVV viktig lærdom frå politiet og Statens vegvesen. Det var politiførstebetjent Torgeir Fosse og Sverre Våge frå vegvesenet som heldt føredrag. Våge innleia med å fortelja om 00-visjonen til vegvesenet. Visjonen er at det skal vera null drepne, og null skadde i trafikken. Ein russegut var kjapp til å seia at det ikkje er realistisk. Men då Våge stilte spørsmål om det var realistisk at ingen som sat i salen ville bli skadd eller drepen, fekk russen noko å tenka på.

Våge prøvde også å drepa trua til ungdommen på at dei sjølve er uovervinnelege.

– Når de er ute og køyrer, må de ikkje tru at de er verdsmeistrar. Ungdom ligg på topp på ulykkestatistikken. Og dei fleste ulukker involverer bil, sa Våge, og viste til fleire reglar for korleis ein russebil skal sjå ut.

Han viste også ein video som illustrerte kor lett teksting på mobil og køyring kan gi eit fatalt utfall.

Store konsekvensar

Då det var Torgeir Fosse sin tur, gjekk praten meir over i oppførsel i samband med alkohol, og kva konsekvensar ei dum handling kan få seinare i livet.

– Husk at alt er ikkje lov, sjølv om ein er russ, sa Fosse, og konkretiserte kor viktig det er å respektera motparten når det gjeld samtykke til sex.

Når han gjekk vidare inn på kor lett ei politimelding kan øydeleggja jobb-utstiktene til ein person, var det ein i salen som blei småleg nervøs.

– Om vi urinerer på Hestesletto, og presten ser oss og ringer dykk, vil de då melda saken? spurde han.

Fosse roa nervane til guten, og sa det ville nok gå bra så lenge han i det minste prøvde å gøyma seg vekk, og heldt seg unna andre folk sine hagar.

– Ikkje gøy når det går utover andre

Russepresident Kristian Enes og Madel Borgen fann føredraget nødvendig.

– I Kvinnherad har det jo vore fleire ulukker i trafikken. Det er viktig å minna ungdom på at det kan gå gale, sa Borgen.

Enes la også til at videoen av jentene som teksta og køyrde gjorde eit sterkt inntrykk. For Borgen var det 00-visjonen til vegvesenet som gjorde sterkast inntrykk.

– Alle sa det var urealistisk. Men då han spurde om det var realistisk for oss her inne, begynte vi å tenka.

Både Enes og Borgen er to ganske ferske sjåførar, og seier dei begge har stor respekt for vegtrafikklovane.

– Fart og spenning er ikkje noko kjekt når det går utover andre. Eg håpar ikkje det skjer noko gale med nokon i russetida, sa Enes.

TRYGGE SJÅFØRAR: Madel Borgen (18) og Kristian Enes (18) fortel at fleire av russebilane har skaffa seg eigne sjåførar, slik at det ikkje skal oppstå situasjonar der sjåføren har promillle, eller sovnar bak rattet.

TRYGGE SJÅFØRAR: Madel Borgen (18) og Kristian Enes (18) fortel at fleire av russebilane har skaffa seg eigne sjåførar, slik at det ikkje skal oppstå situasjonar der sjåføren har promillle, eller sovnar bak rattet. Foto:

Artikkeltags