KVV mistar to linjer til hausten

KUTT: To av linjene ved Kvinnherad vidaregåande skule blir til hausten kutta.

KUTT: To av linjene ved Kvinnherad vidaregåande skule blir til hausten kutta.

Kvart år vedtek fylkesutvalet i Hordaland justeringar innanfor tilboda ved dei ulike vidaregåande skulane utifrå søkjartala. Det har ført til at to av linjene ved Kvinnherad vidaregåande skule blir lagde ned.

DEL

Hordaland fylkeskommune har vedteke å legga ned til saman 21 utdanningsområde ved vidaregåande skular rundt om i fylket. Det kjem som eit resultat av låge søkjartal.

To av desse er Service og Samferdsle-linja og Industriteknologi-linja ved Kvinnherad vidaregåande skule.

Trass i at Kvinnheringen i april kunne informera om at skulen hadde fått inn rekordmange søkjarar til teknikk og industriell produksjons-linja (TIP), blir altså no ei av fagretningane for linja vekke frå hausten av.

Bjelland kan fortelja at dette mellom anna skuldast ei auka interesse for kjemiprosesslinja, og at denne klassen er fylt opp.

– Samstundes er det slik at fleire av elevane som går TIP første året hos oss vel å studera til dømes maritime fag eller mekanikk ved andre skular, legg han til.

Rektoren bekreftar at nærmaste tilbod for elevar i Kvinnherad som likevel ynskjer å gå ei av desse linjene, er Bømlo for Service og Samferdsle, og Fusa for Industriteknologi.

Håp for framtida

– Kva vil det seia for KVV at det no blir kutt i tilbodet?

– Først og fremst kjem ingen av lærarane til å bli råka av justeringane, men det er veldig kjedeleg for elevane som hadde dette som førsteval, seier rektoren.

Likevel ser rektoren lyst på framtida til skulen:

– Dersom vi får nok søkjarar til neste år, er det vanleg prosedyre at linjene kjem tilbake, seier han, og held fram:

– Det at vi no har fleire klassar ved første året på TIP, kan gje gode resultat for at vi kan starta opp igjen med Industriteknologi allereie til neste år.

Nabokommunane er òg blitt råka av justeringane. To linjer ved Stord vidaregåande og ei ved Odda vidaregåande skal leggast ned. Full oversikt over studiekutta finn ein på fylkeskommunen sine heimesider.

Artikkeltags