Stor undersøking blant ungdom: – Vi treng å få fakta på bordet

I februar skal ei anonym spørjeundersøking gjennomførast blant ungdommar for å avdekka livsstilen og livssituasjon deira. KVV oppmodar alle til å delta og å svara ærleg.

DEL


Ungdata er ei undersøking som skal gjennomførast i heile landet på ungdomsskular og vidaregåande, og det unike er at ein vil få lokale tal for kommunen og situasjonen her når ungdommane i Kvinnherad svarar.

– Det som er situasjonen på Stord, er ikkje nødvendigvis den same her, seier KVV-elev Jonas Ridzevicius (18).

Han har sett seg lei på at alle ungdommar blir skorne over same kam.

– Det er mykje synsing ute og går, så nokre tal som faktisk avspeglar situasjonen her, er nødvendig.

Jonas har fått høyra at alle gutar på hans alder brukar hasj. Denne stigmatiseringa synest han er rystande:

– 15 prosent av ei gruppe er ikkje nødvendigvis 100 prosent, så vi treng å få fakta på bordet.

– Når vi utfører desse undersøkingane over tid, vil resultata kunna synleggjera ein trend i utviklinga, og vi vil vita meir sikkert kva som er sant. I dag er det store oppslag i media om ungdommar som rusar seg, men kor stor del det faktisk er snakk om, veit vi ikkje. Det er viktig å ikkje dømma ungdommen på førehand, det er ingen tent med, legg Gry Hege Grønningen, assisterande rektor ved KVV, til.


Anonym

Det er tre år sidan førre spørjeundersøking blei utført blant ungdommane, og mykje kan ha endra seg sidan den tid. Skular, lokale politikarar og styresmaktene legg denne undersøkinga til grunn når dei skal synleggjera problem og fordela ressursane for arbeidet vidare med tiltak for å betra situasjonen. Og kven veit best korleis situasjonen er enn ungdommane sjølve?

– Det er så viktig at så mange som mogeleg svarer på undersøkinga, og at dei er ærlege når dei svarar. Dette er det viktigaste verktøyet vi har for å kunna få eit innblikk i livsstilen og livssituasjon til ungdommane våre. I spørjeundersøkinga vil dei svara på tema som omhandlar blant anna forhold til skulen og vener, mobbing, fritidsaktivitetar, rus, psykisk helse, kriminalitet og familiesituasjon for å nemna nokon, seier Grønningen.

Sjølve undersøkinga er anonym, og det er sett av tid til å gjennomføra den elektronisk i skuletida.

– Alle elevar vil få utdelt eit tilfeldig nummer for å logga inn, og den einaste informasjonen vi skal ha er alder. Sidan denne undersøkinga er heilt anonym, håpar vi at alle svarar ærleg og verken «pyntar» på sanninga eller gir «tøysesvar», held Grønningen fram.

Elevane Jonas Ridzevicius (18), Melissa Gjerde (20), Thea Aronsen (20) og elevrådsleiar Odin Aksnes (17) er einige. Dei fryktar at lite deltaking og feilaktige svar kan føra til at ein ikkje får synleggjort kor problema ligg, og at ressursane dermed kan bli brukt feilaktig i ei misvisande sanning.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags