No skal KVV-elevane få gratis skulefrukost

Elevane på KVV verkar veldig nøgde med å få gratis skulefrukost. F.v. Erik Voster Solberg, Tristan Fredlund, Isaac Jørgensen og Snorre Søllesvik.

Elevane på KVV verkar veldig nøgde med å få gratis skulefrukost. F.v. Erik Voster Solberg, Tristan Fredlund, Isaac Jørgensen og Snorre Søllesvik.

Artikkelen er over 3 år gammel

Frå hausten av får elevane ved Kvinnherad vidaregåande skule (KVV) gratis frukost på skulen to dagar i veka. – Eg plar gløyma å ta med niste, så det er fint å kunna få gratis frukost når eg kjem på skulen, seier Isaac Jørgensen.

DEL

– No slepp eg å bruka så mykje pengar på mat.

Det seier Isaac Jørgensen, som går i første klasse på KVV. Han sat saman med Erik Voster Solberg, Tristan Fredlund og Snorre Søllesvik og åt graut då Kvinnheringen var innom.

Måndag hadde skulen prøvedag for den nye skulefrukost-ordninga. Til hausten vert den fast to dagar i veka.

Kan føra til betre resultat

Skulen har fått tildelt 200.000 kroner frå fylkeskommunen for å prøva ut å gi elevane gratis skulefrukost.

– Vi søkte eigentleg om 500.000 slik at vi kunne tilby frukost kvar dag. No vert det heller ei prøveordning to dagar i veka, så vi får sjå kor populært det blir, seier assisterande rektor Gry Hege Grønningen.

– Det er mange elevar som ikkje et før skulen. Vi håpar at frukost på skulen kan gjera at elevane blir meir opplagde, og at dei yter betre i løpet av dagen. Dette kan igjen føra til betre resultat, og at fleire gjennomfører, fortel Grønningen.

Frukosten kjem til å bli servert om morgonen når elevane kjem med bussen.

– Dei fleste plar vera her rundt kvart på åtte. Det kan bli aktuelt å forskyva skuledagen litt slik at dei rekk å eta, men dette må vi sjå nærare på, seier Grønningen.

Gjekk tom for graut

Grautkøen vart lang i kantina på måndag. Halvparten av elevane fekk beskjed om å koma tilbake neste friminutt. Det vart nemleg tomt for graut, og assisterande rektor måtte springa på butikken for å kjøpa meir havregryn.

Dei fire førsteklassegutane Kvinnheringen snakka med har trua på at ordninga kjem til å slå an, og at elevane kjem til å nytta seg av tilbodet.

– Eg hadde eigentleg niste med meg i dag, men eg et heller graut, seier Erik Voster Solberg.

Men sjølv om gutane er nøgde med grauten, håpar dei også at det vert litt meir variasjon i kantinematen. Og variasjon skal det bli.

Sunnare kantinemat

Frå hausten av skal nemleg heile kantinetilbodet endrast. Anita Vågen Øvstebø, som sit i ein komité som jobbar for å betra kantina, fortel at dei vil satsa på sunnare mat.

– Det skal bli salatbar i kantina, og det vil bli mogleg for elevane å smøra sine eigne bagettar med pålegg og grønt som er klargjort. Vi vil også servera ein varmrett kvar dag, til dømes lakse-wok, kylling-wrap eller omelett, fortel Øvstebø.

Vidare seier ho at dei skal setja ned prisane på den sunne maten, og heva prisane på det usunne.

– Vi vil at elevane heller skal velja ein sunn lunsj framfor kake, seier Øvstebø.

Kantina skal også samarbeida med ungdomsbedrifta Mett UB, som har arbeidstrening for ungdommar. Dei skal vera på kjøkenet éin dag i veka.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags