Dramatikk ved vidaregåande

Brann og Redning hadde ein stri tørn i bergingsarbeidet under øvinga ved KVV.

Brann og Redning hadde ein stri tørn i bergingsarbeidet under øvinga ved KVV. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

ØVING: Bilkrasj og full utrykking stod på timeplanen til førsteårselevane ved KVV torsdag. Rettare sagt var det trafikksikring som stod på timeplanen. Dagen toppa seg då to ungdomar skulle reddast ut av ein krasja bil. Heldigvis var det berre ei øving, for det såg ikkje bra ut. For fulle sirener kom brannbilar frå Kvinnherad Brann og Redning til unnsetning. Dei skadde personane måtte såkalla skjerast ut av bilen med motorisert verktøy. Dørene vart brekte opp og bilrutene knuste så glasbrota fauk. Men brannfolka klarte jobben fint – utan å skada dei skadde ytterlegare. Med «blod» rennande i strie straumar, kom Cheynne Marie Rørvik (18) og Sondre Blokhus (17) seg greitt ut av bilen.

– Uff, det var svært ubehageleg å sitja inni bilen medan brannfolka heldt på. Vi fekk ikkje med oss alt som skjedde, så det hadde nok vore litt mindre ekkelt om vi hadde fått betre informasjon undervegs, sa Cheynne.

– Og vi var trass alt friske. Eg lurer på korleis det er for ein skadd å bli utsett for dette, la Sondre til.

Nyttig øving

– Det var nyttig å få oppleva dette, men eg ønskjer verkeleg ikkje at noko slikt skal skje på ordentleg, sa Sondre letta.

– Kva lærdom gav øvinga?

– At det er viktig å køyra trygt og kontrollert. Særleg når ein har passasjerar i bilen. Sjåføren har jo ansvar for alle som er med, sa Sondre.

Cheynne er einig og legg til:

– For å unngå ulukker er eg fast bestemt på å køyra fint når eg får lappen.

Kvart år

KVV arrangerer kvart år trafikksikringsdag for dei yngste elevane, og kvart år skjer det i samarbeid med nødetatane og Statens vegvesen. Dagen begynner med ei førelesing om trafikkultur inne. Deretter kan ein gå rundt og snakka med dei ulike etatane som står på postar ute. Dagens «høgdepunkt» er alltid ei simulert ulukke med tilhøyrande berging.

Målet med trafikksikringsdagen er å bevisstgjera ungdomar, for på den måten å førebyggja trafikkulukker.

Artikkeltags