– Tenk som ein laks!

I MELSELVA: Med knærne godt planta i Melselva forklarer Sven-Helge Pedersen frå Hardangerfjord Villfisklag korleis biologigruppa frå KVV skal planta ut lakseegga.

I MELSELVA: Med knærne godt planta i Melselva forklarer Sven-Helge Pedersen frå Hardangerfjord Villfisklag korleis biologigruppa frå KVV skal planta ut lakseegga.

Dette var utfordringa Sven-Helge Pedersen frå Hardangerfjord Villfisklag ga elevar frå Kvinnherad vidaregåande skule tysdag.

DEL

– Vi skal setja ut lakseegg i elva her, seier Eline Albrethson frå biologigruppa til KVV, på feltoppdraget i Steinparken.

Det var fjorten elevar som tysdag hadde i oppdraget å setja ut lakseegg frå villaks i Melselva i Rosendal. Medelev Kristine Eikemo Røstbø forklarer at lakseegga skal setjast ut i elva i små plastboksar, og vil bruka rundt ein månad på å klekkja.

– Om nokre månadar vil det vera fisk her og i august/september skal boksane hentast inn att, seier elevane.

Dei forklarer at boksane då forhåpentlegvis er tomme, for det betyr at egga har blitt klekt og at laksen har sumd ut.

– Dette er starten på biologiklassen sitt prosjekt om villaks. Vi får karakter på same måte som ein skuleprøve, sjølv om det skjer ute av klasserommet. Det er ein god ekskursjon i lokalmiljøet, seier medelev Joakim Askeland.

PLANTA LAKSEEGG: – Kor ville eg lagt egga mine dersom eg var ein laks? spør Sven-Helge Pedersen. Han ga instruksar til korleis elevane frå KVV skulle gå fram for å best planta ut 6.000 lakseegg i Melselva.

Planta egg

Elevane planta tysdag ut 6.000 egg frå villaks. Dette er egg som er reine for gen frå oppdrettslaks og som er overskotsmateriale frå Genbanken Hardangerfjord. Sven-Helge Pedersen har med seg vadarar og støvlar til elevane og set seg midt ut i elva for å visa korleis ein best skal planta rogna. Han forklarer at gropa må vera dobbelt så djup som sjølve boksen, og at elevane må vera nøye med val av stad.

– Tenk som ein laks! Kor ville eg lagt egga mine dersom eg var ein laks? Hugs at det viktigaste i livet for ein laks er å leggja egg, å formeira seg. No gjer vi denne jobben for laksen, så det er eit stort ansvar, og vi må gjera det skikkeleg.

FRÅ BIOLOGIGRUPPA: Karsten Sande frå KVV si biologigruppa viser fram ein av dei 10 plastboksane med egg frå villaks som tysdag vart planta ut i Melselva.

FRÅ BIOLOGIGRUPPA: Karsten Sande frå KVV si biologigruppa viser fram ein av dei 10 plastboksane med egg frå villaks som tysdag vart planta ut i Melselva.

PÅ KJØL: 6.000 egg frå villaks vart denne dagen sett ut i elva.

PÅ KJØL: 6.000 egg frå villaks vart denne dagen sett ut i elva.

Villaksens år

– Det står dårleg til med villaksen. Rundt halvparten av all laks på våre kantar er no ispedd genar frå oppdrettslaks. Det biologiklassen gjer her, er å prøva å hjelpa naturen med å få å opp antalet på villaks i elva, seier Kjersti Holmedal, faglærar i biologi.

Ho fortel at det er villaksen sitt år i år, og biologigruppa sitt arbeid er i samarbeid med Havforskningsinstituttet, Veterinærinstituttet og Genbanken.

– Bevaring av det biologiske mangfaldet er på timeplanen vår. Her ser elevane teorien frå faget i praksis, seier Holmedal.

No skal elevane laga ein stor rapport om villaksen, men først skal dei dissekera fisk.

Artikkeltags