«Når du går i butikken og til dømes kjem til meierivarene, tenker du over kva du plukkar der?»

Nøgde mjølkekyr på Fjelbergøy. (Foto: Marianne Nordhus).

Nøgde mjølkekyr på Fjelbergøy. (Foto: Marianne Nordhus).

Av
DEL

MEININGARNår du går i butikken og til dømes kjem til meierivarene, tenker du over kva du plukkar der?

Eg veit mange mjølkeprodusentar skulle ønskja me drakk meir mjølk, men sjølv om eg drikk mykje mjølk, så drikk eg det langt frå til alt. Det blir nok litt som å banna i kyrkja blant oss mjølkeprodusentar, men eg tek ofte bare litt på havregryna med eit glas juice til. Ost derimot – eg som så mange andre – diggar ost. Og me er heldige, for fleire av verdas beste ostar vert jo produsert her i landet. Konsummjølkforbruket går diverre ned over heile landet. Det skulle ikkje vore slik, men slik er det. Men, me et meir ost, meir yoghurt og me tek med oss fleire ulike typar smaksett mjølk på farten. Og her er det lurt å ha tunga i rett munnen og vera litt bevisst på kva me vel.

For visste du at når du tek vanleg drikkemjølk kan du vera ganske trygg på at den er norsk? Annleis er det med andre produkt som ost, yoghurt, sjokolademjølk osb. Mange ostar og andre bearbeidde produkt har mindre beskyttelse med eit svakare tollvern. Difor skal du velja norsk, og sjå etter «Nyt Norge»-merket.

Det valet du tek i ostedisken, den drikkeyoghurten du snappar med deg i farten, eller sjoko-mjølka du tok med fordi logoen kanskje var gøyast på den – sjekka du om den var norsk? Valet du tar påverkar omfanget av norsk mjølkeproduksjon – bærebjelken i det norske landbruket. Me veit jo alle korleis det går med huset om dei bærande elementa forsvinn. Jo meir importerte, bearbeidde mjølkeprodukt som kjem inn, jo meir må etterkvart den norske mjølkeproduksjonen tilsvarande ned. Det handlar også om klima. Om du er oppteken av det, så er til dømes kombikua vår, den som har minst avtrykk i forhold til produserte einingar (mjølk og kjøt). Det er jo også logisk nok mindre transport når du slepp å køyra osten frå til dømes Frankrike. Kortreist, og produsert på rein norsk straum. Det norske landbruket er allereie skikkelig grønt, men tek sitt ansvar og jobbar for å bli endå grønare. Éin ting til: Om du tenkjer på folkehelse, så er kombikua, (NRF-kua, norsk raudt fe) også den friskaste med tanke på sjukdom og medisinbruk. Det er trygt å eta og å drikka produkta frå den.

Så, norsk mjølk har fleire gode sider. Og no har eg ikkje ein gong vore innom det biologiske mangfaldet det fører med seg med beitande dyr, kulturlandskapet me alle er så stolte av og som turistane higer etter å sjå. Eller alle arbeidsplassane det fører med seg, både i distrikta, i byane og meir til.

Å leita etter «Nyt Norge»-merket på produkta kan gjera handleturen for oss, og ikkje minst for ungane, både kjekkare og meir spennande. Og får dei eit bevisst forhold til det, så ser framtida lysare ut allereie.

Så, eg oppmodar til ein «Nyt Norge»-dugnad!

Marianne Nordhus

Artikkeltags