Biskopen besøker Kvinnherad

Biskop Halvor Nordhaug. (Pressefoto).

Biskop Halvor Nordhaug. (Pressefoto). Foto:

Av
DEL



Siste veka i september vert ei viktig veke for kyrkjelydane i kommunen vår. Då kjem biskop Halvor Nordhaug på «visitas» til kyrkja i Kvinnherad.

Visitasen er frå måndag 24. til torsdag 27. september, pluss søndag 30. september, med visitasgudsteneste, visitasføredrag og kyrkjekaffi, heiter det i ei pressemelding. Sist det var visitasar i Kvinnherad var i Husnes og Holmedal 1999, Fjelberg og Eid 2006, og i Kvinnherad 2007. Denne gongen er det altså visitas til heile Fellesrådsområdet/kommunen. Det tyder sjølvsagt at det vert mindre tid til, og mindre detaljar frå kvart av sokna, men me vonar det òg kan styrkja oss som Kyrkja i Kvinnherad, skriv sokneprest Reidar Ådnanes i pressemeldinga.

Ein visitas skal fokusera på det åndelege livet i kyrkjelydane, men biskopen skal òg ha tid til kontakt med kommune, lokalsamfunn og så vidare. Slik heiter det i visitasreglementet for Bjørgvin: «Formålet med visitasreglementet er gjennom bispevisitasane å legga forholda til rette for aktivt engasjement og stadig fornying i den evangelisk-lutherske folkekyrkja i Bjørgvin. Formålet med bispevisitasen er å støtta, inspirera og rettleia kyrkjelydar og tilsette, og gjera kyrkja sitt nærvær synleg i lokalsamfunnet.»

Biskopen skal ved visitasen leggja vekt på forkynninga av Guds ord i soknet. Ved dette skal biskopen gje støtte til kyrkjelydane si verksemd og styrka fellesskapet i kyrkjelydane. På førehand skal det utarbeidast ei visitasmelding frå kyrkja i Kvinnherad.

– Den er viktig fordi me der vil reisa viktige spørsmål og utfordringar me ynskjer biskopen si rettleiing og råd om. Samstundes som det hjelper oss til å tenkja gjennom kva me sjølve ynskjer og kan, skriv Ådnanes.

Frå programmet kan følgjande nemnast:

Måndag 24. september kjem biskopen via Ølve og Hatlestrand, og er innom ei av kyrkjene der. Deretter besøkjer han Rosendalstunet. Biskopen vil gjerne innom Halsnøy Kloster, og det reknar ein med å få til tysdag føremiddag. Han vert òg med på eit arrangement på Dill på Halsnøytunet. Vidare vert det song- og musikkveld i Husnes kyrkje. Onsdagen er det kontakt med skular. Først gudsteneste for Undarheim skule og deretter spørjetime på Kvinnherad vidaregåande. Kvelden er tenkt til ein temakveld i Uskedalen der Biskopen blir utfordra til å seia noko om «Kor kristent skal Noreg vera?» eller «Korleis tek me vare på den kristne arven?»

Torsdag føremiddag er sett av til kontakt med kommunen, og vidare eit viktig samrådingsmøte med alle som sit i sokneråd og dei tilsette i kyrkjelydane. Så reiser biskopen med fylgje, og kjem attende til gudstenesta i Kvinnherad kyrkje på søndagen. Der vonar ein på godt frammøte frå heile kommunen. Det er òg staden der biskopen gjev si tilbakemelding i eit visitasføredrag som han held like etter gudstenesta. Det vert òg kyrkjekaffi og ei markering av at Kjetil Kringlebotten sluttar som sokneprest i Kvinnherad no i haust.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags