Kvinnhering skal vera prest under OL i Pyeongchang

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Rune Birkeland frå Valen har tatt på seg oppgåva med å vera OL-prest under OL i Pyeongchang i Sør-Korea 9. til 25. februar. Kyrkja som er leigd til føremålet ligg i byen Alpensia, nær staden der skikonkurransane skal gå føre seg. Tilbodet blir i tråd med tradisjonane i norske sjømannskyrkjer, ein uformell møtestad der ein kan hygge seg og slappa av, eller sjå på direktesendt norsk OL-tv.

– Det blir spennande, kommenterer Rune Birkeland til Hnytt. Birkeland er busett i Skudesneshavn og har lang erfaring som sjømannsprest.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags